Workshop om teknologi for framtidig frukt- og bærproduksjon, relevant for dyrkarar på Vestlandet

Høgskulen, Vestlandsforsking og Kunnskapsparken inviterer til to-dagars workshop i Leikanger og Lærdal, 24. og 25. mai.

Framsteg i robotikkstordata, samt plantevitskap og teknologi, har potensiale til å gjere betre dyrkingssystem for frukt- og bærproduksjon mogleg. Vestlandet ligg langt framme i frukt- og bærproduksjon nasjonalt med sine regionspesifikke fortrinn – men har og nokre utfordringar.

Vi ser for oss at den neste jordbruksrevolusjonen vil ha integrerte sensor- og aktueringssystem med ulik grad av autonomi, som informerer, supplerer og arbeider saman med menneskeleg arbeidskraft. Desse systema vil gje fordelar i form av redusert miljøpåverknad, betre kvalitetskontroll, lågare lønnskostnader, redusert produksjonsavfall og meir effektive verdikjeder.

For å utforske dagens status for slike teknologiar, og spesielt relevansen for Vestlandsdyrkarar, ønskjer Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking, i samarbeid med lokal industri, deg velkommen til å vere med på ein to-dagars workshop i Leikanger og Lærdal.

Workshopen er organisert gjennom Teknoløft Sogn og Fjordane.


Program: