Vi søkjer trainee i Førde og Sogndal
Kunnskapsparken har mange spennande prosjekt for både samarbeidspartnarar og eksisterande næringsliv, og ønskjer no to nye kreative hovud.
Vi i Kunnskapsparken Vestland jobbar med framtidsretta og vekstkraftige bedrifter som er lønsame for regionen, Norge og verda. Vi har mange spennande prosjekt for både samarbeidspartnarar og eksisterande næringsliv, og ønskjer no to traineear, som ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i 2022/23:
Traineestilling som forretningsutviklar. Diggar du innovasjon og entreprenørskap? SØK HER (kontorplass Førde).
Traineestilling som prosjektleiar. Vil du bli med å leggje til rette for eit grønare samfunn og næringsliv? SØK HER (kontorplass Sogndal).
Kven er du?
Vi ser etter personar som er engasjert, sjølvgåande, utadvent og strukturerte. Dei er lagspelarar og nettverksbyggarar med samfunnsforståing og -engasjement. Og i desse endringstider likar dei å ha fokus på mulegheiter framfor problem.
– I tillegg er det viktig for oss å sjå kven du er, og kva du vil med traineeåret ditt. Vi ønskjer nokon vi kan dele kvardagen vår med, som gjerne utfordrar oss på kven vi er. Og då vil vi sjå etter personar som både ønskjer å lære frå oss, men også lære oss nye måtar å tenke på, fortel Sigrid Førde i Kunnskapsparken.
Dette er første gong vi i Kunnskapsparken tar inn to traineear, og vi gler oss til å prøve det ut.
– Vi ønskjer å gi nyutdanna ein moglegheit til erfaring. Det er eit viktig samfunnsansvar å ta, det er viktig for framtidas næringsliv, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken
– Det å kunne få inn nye kreative hovud har ein stor verdi for oss. Vi har mange spennande prosjekt framfor oss, så det å kunne angripe dei som eit endå meir kunnskapsrikt team ser vi fram til, legg Hovland til.
Kvifor jobbe som Framtidsfylket Trainee?
For å jobbe som trainee må du ha bachelor eller mastergrad, med maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studium. Det betyr at du kjem inn i eit nettverk med mange likesinna traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane.
– Dette programmet vil gi både fagleg og personleg utvikling. Det er og ein unik moglegheit til å få innblikk i eit mangfaldig og spennande næringsliv i regionen vår, fortel Hovland.
Les meir om stillinga forretningsutviklar og prosjektleiar.
NB! Hugs at søknadsfrist er 1. april.