Vi hjelper deg med finansieringa
Kunnskapsparken Vestland har god erfaring og oversikt over aktuelle finansierings- og investeringsmiljø. Vi har også eit eige presåkornfond – Sogn og Fjordane Fondet, som har som mål å bidra i ein tidleg fase, og då gjerne saman med vårt investornettverk – Connect BAN.
Mål om å skape verdiar
Våre forretningsutviklarar jobbar med ei rekke lovande oppstartsselskap samt forskings- og utviklingsprosjekt. Vi avklarar bl.a. marknadspotensial, og hjelper oppstartsselskapa med søknader til Innovasjon Norge og Norges Forskningsråd.
Fellesnemnaren for oppstartsselskapa er at dei er i ein tidleg fase der gründerane er engasjerte med mål om å skape verdiar og nye arbeidsplassar.
Kapital i tidleg fase
Behovet for kapital er ofte stort i ein oppstartfase. Det er ikkje alltid dei store beløpa som trengst, men tilgang til denne typen kapital vil være heilt avgjerande for å kunne utvikle ideen og selskapet vidare.
Sparebanken Norge sitt næringsfond region Sogn og Fjordane
Fondet skal bidra til samfunnsgagnande og nyskapande aktivitet knytt til mellom anna grøn omstilling og bærekraftig utvikling ved at Stiftelsen gir økonomisk tilskot til gode forretningsidear med fokus på grøn omstilling og bærekraftig utvikling.
Ideèn må vere nyskapande, vere framtidsretta og ha vekstpotensiale i seg. Og tilskotet skal vera med å utvikle forretningsideèn og planane i tidlege fase.
Tildelinga kan representere offentlege verkemiddel sine krav til eigenkapital.
Investering i fast eigedom og lausøyre blir ikkje støtta, og rein varehandel har låg prioritet ved tildeling frå fondet.
Tildeling
Tildeling kan vera inntil kr 300.000. I særskilte tilfelle kan styret gå utover denne summen.
Personlege eigenskapar til søkjar spelar ei rolle i høve nyetableringar, og det må vere rimeleg grad av sannsynlegheit for at idèen kan gjennomførast. Personvurdering vil difor vere eitt av fleire kriterie som skal inngå i den samla vurderinga av søknaden.
Geografisk avgrensing:
Mottakar skal ha fast adresse innafor gamle Sogn og Fjordane fylke sine grenser. Styre kan gi tilsagn om støtte til mottakarar utanfor nemnte grense, men før tilvising til utbetaling blir gitt, må forretningsadressa vere flytta innfor fondet sitt geografiske nedslagsfelt.
Utbetaling skal skje etter innsendt dokumentasjon på relevante kostnader. Ubetaling kan gjerast i fleire omgangar. Dette for eventuelt å sjå til at midlar vert nytta i tråd med søknad.
Fondet er organisert i ei stifting med eige styre som vurderer og prioriterer innkomne søknader. Det er 4 møte pr år, vanlegvis i mars, juni, oktober og desember. Lenke til søknadsskjema og info om møtedato og neste søknadsfrist finn du HER
Sogn og Fjordane-fondet
Sogn og Fjordane Fondet skal stimulere og styrke framvekst av idear frå forsking, næringsliv og gründerar gjennom tilførsel av tidlegfasekapital og kompetanse til oppstartsbedrifter. Fondet er etablert for å gi tilgang på kapital til vekst og utvikling i ein fase kor anna risikokapital er vanskeleg tilgjengeleg.
Målgruppa for fondet er oppstartsbedrifter/idear i tidleg fase. Fortrinnsvis bedrifter i inkubator.
Startinvesteringar er på kr 50.000 – 300.000. Fondet kan gå inn fleire gonger, men ikkje overstige 500.000 pr bedrift. Fondet skal gjennom sine investeringar søke å utløyse ytterlegare eigenkapital frå andre kjelder.
Sogn og Fjordane fondet vart etablert i 2017, og er eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune og Kunnskapsparken Vestland.
Investeringsfondet vert forvalta av Kunnskapsparken, og overskot av investeringane tilbakeførast til fondet og nyttast til nye investeringar.
Connect BAN
Stadig flere investorer ser mot tidligfase. Hos oss er du del av et nettverk med solid og mangfoldig kompetanse, og får presentert gründercaser som er kvalitetssikret.
Investorene i Connect BAN Bergen og Connect BAN Rogaland har bred bransjekunnskap, erfaring som seriegründere og ledere i næringslivet. Her finner du investeringspartnere, men nettverkene fungerer også som en læringsarena der investorene deler kompetanse og erfaring seg imellom og til gründerne de investerer i. Våre investorer utgjør en betydelig bank av kompetent kapital.
Dette er noe av suksessen bak våre englenettverk. Investeringene handler ikke bare om penger, gründerselskapene får også nettverk og kompetanse ved at investorgruppen tar en plass i styret og samarbeider om oppfølging.
Connect Vest server og drifter investornettverkene og sørger for en god dealflow av kvalitetssikrede gründerselskaper. Medlemmene i Connect BAN møtes til månedlige investorlunsjer der de får presentert 1-2 gründercaser som har vært gjennom prosesser med Connect Vest. Vi ser at selskapene i porteføljen har en betydelig høyere overlevelsesrate enn det som er tilfelle for gründerselskaper generelt.