
Vi samhandlar i nettverk og klynger
Vi samarbeider med fleire forskings-, utviklings- og gründermiljø i vår region. Dette gir oss tilgang til eit stort og kompetent nettverk – eit nettverk for gründerar i tidleg oppstartsfase, for etablerte bedrifter og ikkje minst eit nettverk for å kunne kommersialisere FoU-resultat.
Meirverdi for bedriftene
Å arbeide i nettverk og nytte seg av dei moglegheitene dette gir, vil bidra til meirverdi for bedriftene. Vi kan sette deg i kontakt med dei rette folka innan ditt fagfelt, som igjen kan hjelpe deg på vegen mot kommersialisering, nye produkt og nye marknader.
Bli ein del av eit kontorfellesskap
Vi kan tilby plass i kontorfellesskap i Sogndal (FUS), Førde (Peak) og Nordfjordeid, der du kan knyte kontakt med potensielle samarbeidsaktørar.
Vi skapar bedriftsklynger
Samarbeid mellom bedrifter og kunnskapsmiljø gir auka verdiskaping. Kunnskapsparken bidreg også med etablering av bedriftsklynger – klynger av bedrifter som gjennom samarbeid søker å utvikle nye berekraftige produkt og nye marknader.
Klyngeprogram
Norwegian Innovation Clusters er eit statleg finansiert klyngeprogram som skal bidra til verdiskaping gjennom berekraftig innovasjon. Programmet er inndelt i tre nivå der Arena-programmet er første nivå. Forskningsrådet, Siva og Innovasjon Norge er programeigarar.
Arena-programmet tilbyr finansiell og fagleg støtte til langsiktig utvikling av regionale klynger. Formålet er å stimulere til auka innovasjon gjennom forpliktande samarbeid mellom bedrifter, FoU- og utdanningsaktørar og offentlege utviklingsaktørar.