Nytt konsept skal gjere hyttedraumen mogleg for «alle»

Eyvind Øgar og Tarjei Kannelønning i Stiv Kuling Arkitekter. Dei håpar å ha utarbeida eit konsept som kan byggjast i heile Noreg.

Klynga AS ønskjer å gjere hytteklynger til den nye standarden: – Bra for både natur og lommebok.  

Det seier Eyvind Øgar, arkitekt i Stiv Kuling og dagleg leiar i Klynga AS. Saman med Tharaso (entreprenør) og Johnny Tverberg AS (eigedomsutvikling), har arkitektane i Stiv Kuling utvikla eit nytt hyttekonsept: mindre hytter i klynger, med mykje fellesareal.

Sju tomtar på Heggemyrane skal romme 21 hytter.

– Ingen hytter er over 56 kvm og dei er fordelt på fire tun. Det blir eit sameige med felles parkering, bodplass, og felles uteareal og badstue. Vi meiner det er ein meir berekraftig utnytting av naturen, og ein meir overkommeleg pris for mange, fortel han.

– For to millionar får du ein nøkkelferdig hytte på Heggemyrane, legg han til.

Hyttene kjem i tre størrelsar: «våningshuset» på 55,5 kvadrat, «låven» på 35 kvadrat (pluss hems) og «stabburet» på 27,5 kvadrat (pluss loft med to soverom).

Starta i 2017

Konseptet har sitt utspring i prosjektet «Framtidas hyttegrend». Via eit fjellsatsingsprogram, fordelte Kommunal- og distriktsdepartementet ut 10 millionar kronar til dei prosjekta som  hadde som mål å framme større grad av estetikk og berekraft i byggeprosjekta i fjellområde.

– Slik hyttebygging har blitt i dag, er det mykje som er stort og dyrt. I tillegg står mange hytter tomme store deler av året. Det er ikkje berekraftig. Så hovudideen vår har heile vegen vært at mindre einingar og fleire brukarar på mindre areal, vil gi ein meir effektiv og berekraftig bruk av utmark.

Dette fekk ein tverrfagleg gruppe på bana, der mellom anna Asplan Viak, Jatak Kaupanger, Ingeniørkontoret Per Berteig og Vestlandsforsking var med – og Stiv Kuling vart prosjekteigar. Mykje bra grunnarbeid vart gjort, men dei to areala det vart jobba med, Hodlekve og Turtagrø, vart skrinlagt. Men konseptet var for godt til å skrinleggjast.

Hausten 2020 vart Klynga AS etablert, med Heggemyrane som nytt område.

Hyttene er plasseffektive og med tre ulike hyttetypar, er dei tenkt å passe både barnefamilien, par og einslege.

Kunnskapsparken som sparringspartnar

Klynga AS trengde midlar for å komme vidare. Det vart søkt og innvilga marknadsavklaringsmidlar frå Innovasjon Noreg og dei vart ein del av inkubatorordninga til Kunnskapsparken Vestland.

– Dei hjelpte oss med å definere vegen vidare. Vi hadde tett dialog med dei, og fant etter kvart ut at området i Heggemyrane var den beste vegen å gå for marknadsavklaring, fortel Øgar, før han legg til:  

– Dei har vore ein god sparring- og samtalepartner. Dei har hatt gode spørsmål og innspel heile vegen. Dette er jo eit prosjekt vi alle gjer på sida av fulle arbeidsdagar, så det er godt å ha nokon som masar og pusher oss.

Hilde Grinde, forretningsutviklar i Kunnskapsparken seier at det har vore kjekt å følge bedrifta.
– Berekraft har vore viktig i hyttekonseptet, og det er spanande å sjå korleis dette fokuset kan gi betre og meir skånsom utnytting av attraktivt areal med fleire hytter til ei lågare pris. Satsinga til Klynga AS kan gi fleire moglegheit til å kome seg inn på hyttemarknaden i et flott ski- og friluftsområde som Heggemyrane.

Prospekt klart

Hyttene kjem i tre størrelsar: «våningshuset» på 55,5 kvadrat, «låven» på 35 kvadrat (pluss hems) og «stabburet» på 27,5 kvadrat (pluss loft med to soverom). Dei er alle prosjekter med mykje heiltre, og i modular. I tillegg er det planlagt ein meir skånsam fundamentering, der hyttene står på søyler.  

No er prospektet klart, og interessa har vore god. 

– No jobbar vi med å få omregulert dei aktuelle hyttetomtene for å kunne byggje 21 hytter her, i standen for sju. Kommunen er veldig positiv, så vi håpar det kjem på plass i løpet av 2022. Då kan vi legge hyttane for sal februar neste år, og starte å byggje om eit år, seier Øgar.  

– Det er kanskje litt optimistisk, men vi har trua på å ha funnet eit konsept som treff mange. Ikkje alle har råd til ein hytte til mange millionar, og eg trur mange føretrekker ein meir berekraftig hyttebygging. Responsen so langt viser at dette er noko folk kunne tenkje seg. 

– Vi ønskjer på ein måte å stoppe nedbygginga av Noreg, men utan å punktere hyttedraumen.

Klynga AS

Eigd av Stiv kuling (arkitekt), Tharaso (entreprenør) og Johnny Tverberg AS (eigedomsutviklings).

Byggjar på prosjektet «Framtidas hyttegrend» frå 2017, der ein tverrfagleg gruppe gjekk saman om å prosjektera hyttegrender med berekraft som det overordna prinsippet. Her var mellom anna Vestlandsforsking, Oppland fylkeskommune og Sogn Næring med.