Kunnskapsparken Vestland
Vi legg til rette for vekst i næringslivet og tek lokale idear ut i verda.
Om oss
Vi tilrettelegg for sterke innovasjonsmiljø og vekstkraft i bedrifter i Vestland.
Gjennom arbeidet vårt gjer vi det vi kan for å hjelpe framtidas næringsliv opp og fram. Logoen vår symboliserer ei spå – ei spå om framtidas næringsliv.
“I 20 år har vi bidrege til å få fram framtidas arbeidsplassar, jobbar som gjer regionane attraktive å leve og bu. Det er flott å sjå kva næringslivet i regionane kan få til, berre ein står saman.”
Saman om berekraft
Kunnskapsparken Vestland ønsker å bidra til å oppfylle FNs berekraftsmål. Dette fokuset har vi i eigen bedrift og i det daglege arbeidet vårt med bedrifter og gründerar.
Næringslivet blir utfordra på berekraft og må sjå på berekraft både som miljøgevinst og som konkurransekraft. Berekraft må difor forankrast i selskapa sine eigne strategiplanar. Kunnskapsparken Vestland hjelper bedrifter til å bidra til ein grønare framtid med nye forretnings-moglegheiter. Berekraft er óg eit av opptaktskritere til inkubasjonsprogrammet.
Kjernekompetanse
Kunnskapsparken Vestland er eit regionalt innovasjonsselskap med kontor i Stryn, Nordfjordeid, Førde og Sogndal. Våre tre kjerneverdiar handlekraft, samspel og tillit både forpliktar oss og gir oss inspirasjon i vårt arbeid med nyskapande næringsliv.
Vår kjernekompetanse er inkubatorteneste, forretningsutvikling, kommersialisering, prosess- og prosjektleiing, klyngeutvikling og omstilling.
Nettverk
Nettverket vårt består av relevant næringsliv, FoU-miljø, kapital og investormiljø, og andre lokale, regionale og nasjonale innovasjonsmiljø.
Vi kjenner både det politiske miljøet og verkemiddelapparatet godt, og nyttar denne kompetansen for å kunne gi best mogleg hjelp til næringslivet.