Omstilling til ei meir grøn byggenæring

 

Møte i Førde på Thon Hotel Førde
tysdag 14. juni kl 17:00,
der vi set byggebransjen si framtid på dagsorden.

Det Grøne skifte angår alle - også alle i byggebransjen. Og det vil ikkje gå over!

Vi inviterer difor til møte for å høyre erfaringar frå dei som har gjennomført grøne prosjekt i praksis. Vi skal snakke om avfall, fossilfriheit, nye materialar, lågkarbonbetong, ombruksmateriale o.l.

Betongblanderiet blir med, dei lagar lågkarbonbetong. Fylkeskommunen og representant frå Åsen&Øvreli er med. Dei bygde det høgst sertifiserte bygget i regionen: SVGS/ViteMeir

Byggenæringa møter stadig nye krav og forventningar i dei pågåande endringane til eit grønare samfunn. Bransjen er ein av verstingane når det gjeld utslepp av klimagassar og forbruka av materialar, så dette vil ikkje gå over, men heller utvikle seg vidare.

Vi inviterer difor til møte pi Førde på Thon Hotel Førde, tysdag 14.juni kl 17:00. I møte set vi grøn byggenæring på dagsorden, og viser eksempel på kva det betyr i praksis. Vi tek utgangspunkt i byggeprosessen for dette, høgste miljøsertifiserte bygget i gamlefylket så langt. Og vi får høyre erfaring frå store og små praktiske problemstillingar som dei arbeidde seg igjennom.

Byggeleiar frå entreprenøren, og prosjektleiar frå byggherren vil snakke om korleis dei løyste krav og utfordringar dei møtte ved bruk av ulike materialar som t.d. lågkarbon betong, godkjent type plastrøyr, ombruksmateriale og fossilfri byggeplass. Eller korleis møte krav til fossilfrie køyretøy, mm

Erling Vigdal frå Blanderiet vil og vere der og fortelje om lågkarbon betong, kva det er og korleis lage det. Og bankar vil bli med og kan svare på spørsmål og innhold i nye krav som vil bli sett for å få den beste finansiseringa.

Vi får også innblikk i nye krav som er på trappene, og forventingar til grøne løysingar vi må rekne med kjem frå både offentleg og private byggherrar.

Det kjem nye krav til rapportering, til nye materialar, til ny handsaming av materialar, til biodiesel og el-køyretøy, til sortering av avfall på byggeplass, m.m. Og finansiering framover kan bli dyr om vi ikkje innrettar oss.

Mykje av dette er ikkje nytt for mange, og vi ønskjer å møte aktørar i alle fag, i heile næringa, for å diskutere tema og korleis vi saman kan møte dette framover for å vere rusta til å gi inn anbod m.a.

Møte blir uformellt, med litt mat på bordet. Og vi håpar å få innspel til store og små utfordringar de ser i dykkar kvardag som vi kan jobbe med saman framover.

Frist for påmelding er søndag 12. juni kl. 24.00.
Bli med i møte og meld deg på her: