Ved hjelp av milliardar med vêrdata, kan Mads fortelle når du handlar flest appelsinar
– Stordata kan nyttast til mykje og er ikkje så komplisert som mange trur, men det må munne ut i verdiskapning, det er heile poenget, fortel Mads Christensen.
Meteorologen jobbar med big data, eller stordata, i firmaet Frivind, som han sjølv har vore med å starte. Christensen ser mykje på kva vêrdata, kombinert med andre faktorar, kan bety for framtidig sal av ulike varer, som brød, is og pølser eller appelsinar.
Formålet? Å hjelpe dagligvarekjeda å redusere svinn og auke omsettinga. Har butikkane meir presise predikasjonar på kva dei vil selje ein dag, kan dei òg ha betre bemanning, betre marknadsføring og ha meir kundetilpassa drift.
– Det kan eigentleg hjelpe heile verdikjeda, frå produsent til forbrukar. Når kunden skal handle vara, er han eller ho avhengig av at butikken har den, og butikken er avhengig av at logistikken har levert den. Logistikken er igjen avhengig av at vara er produsert, og produsenten ønskjer å vite etterspurnaden for den aktuelle vara, utdjupar Christensen.
Han fortel at det dei gjer, er å samle masse historiske data for å predikere kva som vil skje i framtida. Per i dag er det først og fremst daglegvarebransjen og aktørar innan detaljhandel og servering dei jobbar med, men vêrdata kan nyttast i mange bransjar.
– Som å predikere tilsig av vatn for kraftbransjen eller fortelje fruktbønder når det er best å hauste bær.
Men meteorologen er klar på ein ting: skal bedrifter nytte seg av stordata, må det vere for å effektivisere, redusere kostnadar eller auke omsetninga. Poenget må vere verdiskapning.
Kva er stordata?
Stordata er informasjonsteknologi som samlar inn og samanstiller data frå ulike bransjar og fagområde i eigne programvarer. Ulikeheita mellom tradisjonell programvareutvikling og stordata, er at datasetta, som blir samla inn til analyse, er veldig mykje større. Dei er i tillegg raskt veksande og blir samla inn frå mange ulike datakjelder.
Eksempel kan vere å samle inn data frå vêr, sosiale medium, e-postar og mobiltelefonar, og så samanstille desse. Dette vil gje grunnlag for analyse som kan brukast til å ta store og små avgjerder, for eksempel å vurdere kor mykje appelsinar daglegvarebutikkar skal bestille inn til ein kvar tid.
– Vi treng avanserte analyseteknikkar som kan tolke store datamengder fort, seier Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking.
– Storleiken og veksten gjer stordata svært vanskeleg å analysere. Det er nytt territorium å utforske – men også, viser det seg, fullt av rikdommar, fortel Rajendra vidare.
Forskaren har skreve bok om big data og meiner bruk av stordata er viktig for å byggje betre samfunn. Det er eit effektivt verktøy for både offentleg og privat sektor.
– I kvardagen kan vi også hauste enorme fordelar av stordata, noko som kan leie til gode ting som energisparing og betre fungerande byar. Dette treng næringslivet for å forstå verdien av å bruke all den data som i mange tilfelle allereie eksisterer. Den må berre strukturerast og komme ut i eit verdifullt format, fortel Akerkar.
Prosjekt Teknoløft
Teknoløft utviklar kompetanse og kapasitet i Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet på digitalisering og automatisering – med særleg fokus på robotikk og stordata.
– Vi ønskjer å tilby næringslivet ei sterkare kunnskapsplattform på mellom anna stordata, som gjer det muleg for bedrifter å kunne bruke eksisterande og nye data for innovasjon. Dette kan gi eit meir forskingsbasert og framtidsretta næringsliv, seier prosjektleiar Erik Kyrkjebø.
Ved å setje fokus på dette, og prioritere kapasitet og kompetanse i forskarmiljøet, vil det også gjere FoU-aktivitetane meir relevante for næringslivet i Sogn og Fjordane.
– Forskarane og akademia kan sjå på konkrete problemstillingar hjå eksisterande næringsliv. Eit tettare samarbeid mellom næringsliv og forskarmiljø på dette feltet, trur vi kan føre til meir innovasjon, auka vekst og betre omstilling i bedrifter i regionen vår, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken Vestland, som er partnar i Teknoløft.
– Teknoløft vil ha med både små og mellomstore bedrifter. Saman kan vi maksimere potensialet for digitalisering og automatisering – slik at bedriftene kan møte utfordringar med det digitale skiftet. Det vil være spesielt fokus på samarbeid med IKT-verksemder, produksjonsindustri og energibransjen.
– Vi kjem gjerne på besøk, eller vi kan møtast over videolink. Poenget er at vi ønskjer kontakt med, og deltaking frå, næringslivet for å drøfte problemstillingar. Eller vi kan få innspel om behov for kompetanse, både for nyutdanna kandidatar og for etter- og vidareutdanningstilbod som bør utviklast, seier Jøril Hovland.