– Pengane frå SPV-fondet var det eg trengte for å komme meg vidare

Gründaren koser seg i nybygd pumptrack. Foto: Rekkje Stiutvikling AS.

Gründaren koser seg i nybygd pumptrack. Foto: Rekkje Stiutvikling AS.

Fem år etter Rekkje Stiutvikling fekk 30.000 kronar frå Sparebanken Vest sitt næringsfond, er dei 13 tilsette med oppdrag over heile landet.

– Det var ikkje den store summen vi fekk i 2016, men der og då trengde eg hjelp for å komme meg vidare. 30.000 kronar gjorde at eg hadde råd til mat og husleige ein periode, medan eg bygde bedrifta vidare, fortel Roald Eidsheim.

Landskapsplanleggjaren starta eit enkeltmannsføretak hausten 2014. Han ville utvikle og byggje berekraftige sykkelstiar og -anlegg, som toler hard bruk og legg til rette for stisykling. Det var allereie ein del misnøye med slitasje på populære sykkelstiar, og berekraftig reiseliv var so vidt begynt å komme på dagsorden.

– Eg fekk etablerarstønad frå Innovasjon Noreg i 2015, både fase ein og fase to. Eg var òg inne i inkubatorordninga til Kunnskapsparken Vestland og hadde første oppdrag i Luster Kommune på gang. Eg var på god veg, men så hamna eg i den klassiske «valley of death», fortel Eidsheim.

Roald Eidsheim, gründer og landskapsplanleggjar. Foto: Rekkje stiutvikling AS.

Roald Eidsheim, gründer og landskapsplanleggjar. Foto: Rekkje stiutvikling AS.

Ein tung fase

«Valley of death» er ein kritisk fase for mange oppstartsbedrifter, derav namnet. Her har gjerne oppstartsmidlane begynt å ta slutt, og inntektene let vente på seg. Dette var tilfellet for Rekkje. Dei var på gode veg, men økonomien var skral.

– Då var midlane frå Sparebanken sitt Næringsfond i Sogn og Fjordane veldig kjærkomne. Dei var lett tilgjengeleg, søknaden var enkel og rapporteringa var ikkje for omfattande, fortel Eidsheim.

Vil hjelpe i ein kritisk fase

Jøril Hovland, prosjektleiar i Kunnskapsparken

Jøril Hovland, prosjektleiar i Kunnskapsparken

– Det er nettopp dette som er poenget med disse midlane, dei skal hjelpe bedrifter i ein kritisk fase, gjerne i ein tidleg fase, også før det er hjelp å få av verkemiddelapparatet, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken.

Hovland er kontaktperson og organiserer fondet, tek i mot søknader og legg dei fram for styret, som til slutt prioriterer mellom dei innkomne søknadane.

Det er sett ei ramme på tildeling på 300.000 kronar per prosjekt. Det er ikkje alltid summane som vert delt ut er så store, men Hovland påpeikar at pengane frå SPV-fondet gjerne kan utløyse meir stønad frå andre.

– Litt kapital i starten kan vere kritisk for å komme inn under andre og større stønadsordningar. Då kan SPV-fondet hjelpe, slik at bedrifta kjem til neste fase.

– Typiske aktivitetar ein kan få stønad til er utgifter til marknadsundersøkingar, produktutvikling, utarbeiding av forretningsplan, utgifter til etableringsrettleiing og utvikling av prototypar, fortel Hovland.

I tillegg kan ein få tilgang til gode råd, aktive nettverk, betre sjølvtillit og god oppfølging – noko som ikkje kan målast i kroner, påpeikar Hovland.

Søknadsfrist 6. april

Roald Eidsheim er glad han fekk tips om å søkje på midlane, og meiner dette er midlar alle i ein oppstartsfase burde søkje om.

– Som gründer er det jo slik at alle monnar drar. Denne søknadsprosessen var enkel, samtidig som du ikkje treng vere redd for at du binder deg til eit omfattande rapporteringsregime.

Styret for fondet har hatt sitt første møte for året, og har allereie fått inn søknad om midlar til mange gode prosjekt i regionen vår. Planen er å ha tre møter til i 2021, der det første er fastsett til 27 april.

–  Søknadsskjema er opna så det er berre å fylle ut og sende inn søknad fram til 6. april. Det blir siste frist for å kome med i vurderinga til det møtet, fortel Hovland.

Les meir om SPV-fondet her.


Spørsmål om utforming av søknad og søknadsprosessen kan rettast til Jøril Hovland på telefon 48219780 eller joeril@kpvest.no.