Skulle du og di bedrift hatt nokon å tenke høgt med?

Vekstilag.jpeg

Vi kan hjelpe deg!

Gjennom prosjektet «Vekst i lag» har vi fått midlar til å bruke vår kompetanse og nettverk for di bedrift.

Kanskje du treng hjelp til å endre kurs? Effektivisere drifta eller strukturere produksjon eller avdelingar? Komme i gang med et prosjekt? Eller rett og slett diskutere kvardagsutfordringar i bedrifta di med nokon som som kjenner fleire bedrifter og driftsmodellar som kan samanliknast med di bedrift? Kan det være godt å få sparre og tenke høgt med nokon frå «utsida» og som har erfaring du kan dra nytte av?

Vekst i lag …

… er eit partnarskap mellom fleire innovasjonsselskap som ser at vi kan yte betre tenester til gründerar og bedrifter gjennom samarbeid.

… er eit samarbeid mellom Kunnskapsparken VestlandSognefjorden NæringshageStryn Næringshage og Inviro.

… har eit kollegium på 14 personar med forretningsutvikling som kompetasne, og meir enn 150 medlemsbedrifter. No vil vi ha deg med!

Vi kan bistå med:

  • Utvikle forretningsidear

  • Planlegge utviklingsaktivitetar

  • Prosess- og prosjektleiing

  • Hente kapital

  • Kompetanse og rekruttering

  • Kopling mot regionale og nasjonale forskings- og utviklingsmiljø, kunnskapsmiljø og verkemiddel for innovasjon

Er du næringshagebedrift, får du:  

  • RABATT
    Inntil 75 % rabatt på ordinær timepris og tenester. Rabatten er avhengig av oppdragets art og omfang, og vert avtalt i kvart enkelt tilfelle.

  • STATUS 360
    Tilbod om årleg gjennomgang av verksemda si status og utviklingspotensial saman med fast rådgjevar.

  • KOMPETANSEFORUM
    Rabatt på alle møter, kurs, work-shops, studieturar og andre arrangement i regi av næringshagen.

  • NETTVERK
    Tilgang til Siva sin lokale, regionale og nasjonale utviklingsstruktur og til vårt breie nettverk av bedrifter som ønsker utvikling.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat:

Sigrid Førde
Forretningsutviklar
✆ 400 21 567
✎ sigrid@kpvest.no

Geir Opseth
Forretningsutviklar
✆ 480 02 223
✎ geir@kpvest.no