Som student var det kort veg til gründerlivet
– Eg såg utfordringa som mor og lærar, men det var først då eg vart student at eg skjønte at eg sjølv måtte finne løysinga.
Grete Liheim er mor til fire gutar, utdanna lærer og tar ein mastergrad i spesialpedagogikk – i tillegg til å jobbe som PPT i den vidaregåande skulen. Ho er gift med ein dyslektikar og tre av gutane har same utfordring. Det er ikkje lett å få nok tilpassa opplæring i skulesystemet. Om ein slit med å lese tekstar, er det vanskeleg å komme med gode svar. Difor er prøvesituasjonane ofte eit slit for gutane – og karakterane kjem deretter.
– Det er urettferdig. Skal ein ha dårleg karakter i matte fordi ein ikkje er så god til å lese? Det vart slik for mine gutar. Dei kan gjere det godt på skulen, få hjelp undervegs, men så kjem prøvedagen og dei slit med å oppfatte oppgåvene, fortel Liheim.
Fekk ei openberring
Ho har jobba som lærer i 15 år. Ho har sett problemet lenge, men alltid tenkt «kvifor er det ingen som gjer noko med dette?».
I 2018 vart ho student ved HVL i Sogndal. Læraren ønskja ei mastergradsutdanning i spesialpedagogikk. Studiet gav meir kunnskap om lesevanskar og ho såg at ho sjølv kunne løyse utfordringar lærarar og elevar møter i skulen når tekst skal avkodast.
Derifrå har det gått fort å bli gründer. Frå Høgskulen tok ho ideen med til Kunnskapsparken Vestland, der ho har grepet alle moglegheiter for rettleiing og hjelp.
– Entreprenørskap og det å være gründer er ei heilt ny verd for meg. Då er det betryggande at Kunnskapsparken har kompetansen og nettverket som kan rettleie meg vidare, fortel Liheim
Kopla på forretningsutviklar, ressursteam og utviklarar
Med hjelp frå Kunnskapsparken, har masterstudenten fått midlar frå Innovasjon Norge og Sparebanken Vest-fondet. I tillegg har ho fått stønad frå Sogn Næring. Ho har gjort brukarundersøkingar og prøvd å lære seg livet som gründer – samtidig som ho har jobba og vore student. Og mamma til fire.
Liheim har blitt kopla på andre gründerar. Ein lokal, suksessfull gründer sit i styret, medan teamet bak lydboktenesta Fabel, som i 2009 utvikla straumetenesta Beat, ønskjer å utvikle appen Liheim er i gang med.
-Det er heilt fantastisk. Dei har ein veldig riktig teknologikompetanse. Koplinga mellom oss var det Kunnskapsparken som fann. Dei har vore veldig støttande. Dei har heile vegen pusha meg nok, slik at eg har klart å halde ei god framdrift utan at det blir for
I tillegg har Liheim fått med seg ressurspersoner frå Høgskulen og utdanningssektoren. Her får ho tilgang til mykje kunnskap, samtidig som ho får moglegheita til å teste produktet på elevane når så langt kjem.
Det er mange krefter som spelar på lag her. Så eg trur det blir eit skikkelig bra produkt. Men eg seier til meg sjølv, at om eg ikkje får det til, så har eg satt fokus på noko viktig. Dette er så mykje større enn meg og mine behov. Tenk på alle dei elevane med lesevanskar, ungdommar med angst og depresjonar. Eg håpar eg kan hjelpe dei.