«Å Vestland, Vestland …»
I 1985 fekk eg spele med Sissel Kyrkjebø i «Syng med oss» i Førdehuset. Lite viste eg då, at Sissel skulle bli den stjerna ho er i dag. Ei heller at «Å Vestland, Vestland …» skulle få den betydinga det har i dag.
Nytt fylke, med Noregs nest største by som motor. Dette gir oss større moglegheiter. Med nyskaping og vekst som verkemiddel, og med Noregs leiande innovasjonsregion som mål, vil vi ha alle moglegheiter til å vidareutvikle det nye fylket vårt. Vi må syte for at heile fylket vert teke i bruk, bygge attraktive miljø for nyskaping og finne dei «rette linjene» mellom regionane.
Vekstkrafta i dei ulike regionane treng ein sterk by – og byen treng sterke regionsenter med deira vekstkraft.
Eldsjelene som bur her, er avgjerande. Dei er avgjerande for vekst, og for å bygge gode og sterke innovasjonsmiljø. Vi i Kunnskapsparken Vestland og resten av Siva-nettverket er ein del av ein nasjonal struktur. Vi har ei viktig rolle i arbeidet med næringsutviklinga i Vestland og skal bidra til eit godt samspel mellom lokale verksemder, kommune og lokalt næringsapparat. Vi skal fokusere på folka – og hjelpe fram eldsjelene.
God distriktspolitikk. Vi har ein partnarskap mellom Stryn Næringshage, Nordfjordeid Næringshage, Sognefjorden Næringshage og Kunnskapsparken inkubator kalla «Vekst i lag». Dette er eit godt verkemiddel for å auke næringsutviklinga i distrikta. Gjennom partnarskapen sin fysiske lokalisering i dei ulike innovasjonsmiljøa, bidreg ein til næringsutvikling der dei er. Dette vil eg sei er god distriktspolitikk.
Viktige «nav» i distrikta. Gjennom fleire år har vi bevist engasjert oss i å etablere innovasjonsmiljø – enten gjennom eigarskap, eller kombinert eigarskap og fysisk nærvær. Ved å kople lokale miljø med nasjonale nettverk, vil dei lokale miljøa fungere som «nav» ute i distrikta. Slike «nav» er Sitep, Stryn TecHub, Peak Sunnfjord, FUS Sogndal og nyvinninga Inviro. Slike miljø, eller nettverk om ein vil, kombinert med tilgang til kapital og FoU, vil for mange vere heilt avgjerande for å lukkast med å få ideen sin ut i live.
«… når eg ser deg slik». Regionreforma er ein realitet og områdegjennomgangen av verkemiddelapparatet er satt i gang. Begge desse skapar usikkerheit for oss, men vi vel å sjå moglegheitene. Vi vil bidra til sterk næringsutvikling, vi kan hjelpe fram gode idear til vekstkraftige bedrifter og vi vil vere ein del av Siva-nettverket. Vårt mål er at inkubatorane og næringshagane i Vestland fungerar som del av eit urverk, der alle «tannhjula», uavhengig av storleik, utgjer ein forskjell i tilbodet til næringslivet i heile fylket.
Vi er her for å bidra til vekst – og få dei lokale ideane ut i verda.
Kjetil Kvåle, dagleg leiar