Fysioterapeut Elin Johnsen har realisert ideen sin om å hjelpe lungesjuke

– EIN DØROPNAR: Den hjelpen Elin Johnsen frå Helse Førde har fått gjennom samarbeidsavtalen med Kunnskapsparken Vestland, omtalar ho som ein døropnar. Her med testbrukar Tone Kvigne frå Lærdal (t.v). Foto: Pust deg bedre.

– EIN DØROPNAR: Den hjelpen Elin Johnsen frå Helse Førde har fått gjennom samarbeidsavtalen med Kunnskapsparken Vestland, omtalar ho som ein døropnar. Her med testbrukar Tone Kvigne frå Lærdal (t.v). Foto: Pust deg bedre.

I løpet av to år har gründeren i Helse Førde jobba fram det digitale verktøyet «Pust deg bedre» – saman med utviklarar i Florø.

Elin Johansen har fått tildelt Helse Vest sine innovasjonsmidlar tre år på rad, fått stønad frå Stiftelsen Dam og samarbeider med Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL).

Elin Johnsen jobbar på Førde sentralsjukehus. Spesialfysioterapeuten har sidan våren 2018 jobba med innovasjonsprosjektet «Pust deg bedre». Ho opplevde behovet for eit verktøy der kronisk lungesjuke lettare kunne følgje opp si eiga helse. Det er omlag 400.000 personar i Noreg som har ei eller anna form for lungesjukdom. Dette er pasientar som ofte strevar med slim og tung pust i kvardagen og er ekstra sårbare for infeksjonssjukdommar.

Johnsen ville lage eit verktøy som var lett tilgjengeleg for pasienten, og som forklarte vanskeleg fagstoff på ein enkel måte. Resultatet har blitt ein app der menneskemodeller i 3D visualiserer pusteteknikkar for å få opp slim og dempe andenaud.

– Med ein slik app kan pasientane gjere øvingane heime eller andre stadar utan helsepersonell. Det kan gjere kvardagen lettare. I appen kan du enkelt sjå kva som skjer inne i kroppen når du gjer øvingane. Vi har òg bygt opp ei nettside med ytterlegare informasjon til både pasient og fysioterapeutar, pustdegbedre.no, fortel Johnsen.

Kopla på utviklarar i Florø

Elin Johnsen vert omtalt som eit arbeidsjern. Gjennom samarbeidsavtalen Helse Førde har med Kunnskapsparken Vestland, har ho fått rettleiing og rådgjeving til å stake ut kursen. Johnsen har mellom anna møtt andre gründerar, delteke på samlingar og lært seg å pitche ideen – samtidig som ho har fått hjelp til å skrive søknadar og søke midlar. Men tross ein god idé mangla ho teknologikompetanse. Her kunne Kunnskapsparken kople henne på riktig kompetanse hos Haptiq i Florø. Dei er spesialisert på spelteknologi og 3D-animasjonar.

– Hjelpen eg fekk i ein tidlig fase har vore ein døropnar for mykje. Kunnskapsparken har følgd meg tett, bidrege med relevant kompetanse og introdusert meg for eit rikt nettverk, seier Johnson.

Innovasjon i Helse Førde

Helse Førde er oppteken av å finne gode innovative løysingar for sine pasientar og tilsette, og ser eit stort potensial i å ta i bruk ny teknologi. Dei har fokus på å få fram gode idear og hjelpe fram gründerane slik at ideane blir realisert.

– Innovasjonsarbeid er naudsynt for oss i helsesektoren. Vi må ta i bruk helsefagleg kunnskap på nye måtar i framtida, og dette prosjektet retta mot lungesjuke har vi eit ekstra varmt hjarte for, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Direktøren poengterer det viktige i at Helse Førde og Helse Vest IKT no kan tilby dette hjelpemiddelet, når Noreg er i ein heilt spesiell situasjon grunna koronaviruset.

– «Pust deg bedre» kan vere med å skjerme risikogruppa mot konsekvensane av koronasmitte. Med appen legg vi til rette for at lungesjuke får eit ekstra hjelpemiddel til å halde seg så friske dei kan på eiga hand, og unngå unødig kontakt med andre, seier Varden.

Gründeren sjølv er utruleg glad for at ideen hennar no er lansert, og at pasientar og behandlarar har eit godt verktøy.

– At eg har fått så god hjelp av nokon utanfor helsesektoren har vore uvurderleg. Det å ha nokon som heier på deg, gir motivasjon og pusher deg utanfor komfortsonen er kritisk for å få god framdrift. Her skal Kunnskapsparken ha mykje ros. Forretningsutvikling er eit anna språk enn det vi i Helse Førde er vand til. Eg har verkeleg fått kasta meg utpå djupt vann, men eg har òg oppdaga at eg kan svømme, fortel Johnsen.