Slik styrkjer vi samarbeidet mot gründerar i helsesektoren
Kunnskapsparken Vestland har blitt node av nasjonal helseklynge, noko som vil auke kommersialiseringsfarta for forretningsidear innan helsesektoren.
Eit samarbeid med Norwegian Smart Care Cluster skal styrke Kunnskapsparken sitt nettverk og byggje felleskompetanse inn mot helsenæringa.
Vi kan ikkje vere fysisk til stades over alt, så for oss er samarbeidet med Kunnskapsparken kjempe viktig. Det er enda tidleg å seie kva me kan få til, men viljen og engasjementet er på plass. Det seier Tone Skår, avdelingsleiar i Norwegian Smart CareCluster (NSCC) i Vestland.
Formålet med klynga er å «byggje norsk helseindustri gjennom å fremje berekraftige løysingar,som gir eit betre liv for brukarane, samt kostnadseffektive og kvalitetssikra leveransar av helse og omsorgstenester». Ho viser til at Kunnskapsparken sitt rike nettverk i fylket, no kan kome begge partar til gode.
Gjennom klynga kan me hente inn større aktørar frå resten av regionen og landet. I tillegg vil Kunnskapsparken styrke våre nettverk, då dei er mykje tettare på næringslivet i Sogn og Fjordane enn kva me klarer å vere digitalt.
Gjennom felles samarbeid i Helse Vest har dei allereie stifta kjennskap til både Helse Førde og Kunnskapsparken
Me har møtt framoverlente aktørar med vilje til å skape utvikling. Difor er me positive og trur dette kan bli veldig bra, avsluttar Skår.
Nettverk som gjer oss fagleg sterkare
Geir Opseth, forretningsutviklar i Kunnskapsparken Vestland, viser til at dei lenge har jobba som kommersialiseringsaktør opp mot Helse Førde. Han trur samarbeidet med NSCC vil gjere dei endra betre rusta til å handtere forsking og forretningsidear frå helsemiljøet.
Det krev mykje tid og kunnskap å starte opp innanfor helsevesenet. Gjennom dette samarbeidet kan NSCC utfylle og spisse kompetansen vår på feltet. Ved å gi gründerane tilgang til eit større nettverk og fagmiljø, blir me betre partnerar og prosjekta kan bli enda betre.
Det er ein god spiral!
De blir definert som ein «node» for NSCC, kva vil dette seie i praksis?
Det vil seie at me blir ein forlenga arm for den nasjonale klynga, inn mot Sogn og Fjordane. Vi skal sikre kontaktpunkt og nettverk, og saman med klynga tilby relevante kurs og arrangement for bransjen i vår region..
Hans Jacob fekk hjelp til å vidareutvikle prototypen
Ein gründer som allereie har fått kjenne på korleis synergien mellom Kunnskapsparken og NSCC kan gi effekt er anestesilege Hans Jacob Westbye. Med painpad har han starta å utvikle eit verktøy for å gi operasjonspasientar større medverknad på eiga smertelindring, samstundes som ein automatiserer rapporteringa og samlar data.
Norwegian Smart Care Cluster har bidrege til at me har fått teke prototypen steget vidare. For ikkje å gløyme måten Kunnskapsparken Vestland har hjelpt oss å kommersialisere produktet, forklarer Westbye.
Å få avsett nok tid og ressursar har vore heilt avgjerande. I Norge har vi eit heilt fantastisk system for folk som vil ta ideane sine eit steg vidare.