Info-kaffe for byggebransjen

Informasjonsmøte på Vite Meir på Kaupanger

Tysdag 18. april kl. 15:00

 
 

Ombruk i byggebransjen er eit viktig verkemiddel i det grøne skiftet. På møte og samlingar vi har hatt gjennom det siste året, har vi forstått at entreprenørane har byggevarer på lager, eller har demonterte element frå byggeprosjekt, som dei gjerne vil gjere tilgjengelege for andre. Men dei saknar  eit godt system for å avhende desse, som ein mellomlagringsplass og salgsledd for å få varene ut att i marknaden.  

 

Det vil vi gjere noko med!

Saman med Sirkla Ressurs har vi i Kunnskapsparken difor tenkt en del på korleis vi kan leggje til rette for ombruk. Vi vil gjerne fortelje om ideen og invitere dykk til å jobbe saman med oss! 

I tillegg set vi tolking og bruk av  ulike veiledarar for ombruk på dagsorden. I praksis viser det seg at denne problemstillinga blir forstått og brukt ulikt på byggeplassane. Vi har difor invitert aktørar i bransjen for å snakke om deira bruk og erfaring med det. 

Tema for møtet blir: 

  • Korleis ein skal bruke og tolke veiledarane for ombruk.  

  • Korleis kan vi praktisk og konkret leggje til rette for ombruk av byggevarer lokalt, og korleis kan eit bedriftsnettverk vere praktisk for å gjere dette muleg. 

 Det blir enkel servering av påsmurt og kaffi på bordet, og vi reknar med møte vil vare i ca 2 timar. 

Arrangementet er gratis

PÅMELDING

Påmelding seinast innan måndag 17. april kl. 12.


Vi håpar du set av ettermiddagen til å møte kollega i byggebransjen!

Vel møtt!