Ski av gamle vindmøller fekk ballen til å rulle for Høyanger-duo
HØYANGER: Då ingeniørduoen introduserte ski laga av resirkulerte vindmølleblad, viste dei bransjen at glasfiber kan gjenvinnast i nye former. No vekkjer teknologien merksemd verda over
Til no har utdaterte vindmølleblad i hovudsak blitt grave ned i jorda, eller malt opp og nytta i betong, forklarer Arvid Lønne, styreleiar i VestResirkuleringssenter. Ulempa er at det på sikt smuldrar opp og spreier seg i naturen. Då har ein eit enda større problem.
Mykje avfall av denne typen
Det har vore vidstrakt utbygging av vindmøller. Men handtering av komponentane, etter at dei har gjort sin nytte, har blitt ei høg aktuell problemstilling.
Utfordringa er at det er eit komplekst komposittmateriale som ein ikkje har klart å resirkulere, forklarar Lønne.
Dagleg leiar i Vest Resirkuleringssenter, Svein Tore Torvund, utdjupar:
“Volumet av denne type avfall harlenge vore stort og vil auke i tida som kjem. Dei store aktørane både ønskjerog treng ei berekraftig løysing for å handtere det.”
Med brei erfaring innan bådeoffshore- og landindustri, ønskte dei å dreie handteringa av brukt glasfiber i ei meir miljøvenleg retning. Ved hjelp av pyrolyse har dei no utvikla ein teknologi som klarar skilje dei ulike fraksjonane i materialet frå kvarandre. Slik kan materialet potensielt brukast på ny.
Nedringt av moglege kundar
For å vise bransjen kva moglegheiter som ligg i å resirkulere materialet, gjekk me saman med EVI ski og Vestas for å produsere ski av fiber frå brukte vindmølleblad, fortel Torvund.
Det skulle vise seg å gi store ringverknader.
I dag blir me nedringt av moglege kundar som har lyst til å vere med på utviklinga. Fleire store aktørar har fatta interesse, og delingar på LinkedIn og sosiale medium har verkeleg fått ballen til å rulle. Gjennom Vest Resirkuleringssenter peilar dei seg inn mot ein ny marknad, som strekker seg frå Europa og vidare ut i verda. – Nyleg blei eg til dømes intervjua av Tokyo sin største radiokanal om satsinga, fortel Torvund.
Interessa kjem ikkje av at ski nødvendigvis er det optimale sluttproduktet. Vi syner ein kombinasjon av nyvinnande teknologi og handlekraft, forklarer Lønne, og utdjupar:
Det held ikkje å gjenvinne om ein ikkje syner potensielle kundar og samarbeidspartnerar kva det kan resultere i. Å kunne syne til framdrift veg meir enn tankar og idear aleine.
Inkubator med pilot i sikte
Teknologien har vore under stadig utvikling dei siste to åra. Om alt går etter planen står dei snart klare til å teste den gjennom eit pilotprosjekt i Høyanger.
“Det er enda tidleg å gå i detalj, men det skjer mykje spennande i tida framover.”
I vår blei Vest Resirkuleringssenter tatt opp som inkubatorbedrift hjå Kunnskapsparken. “For oss betyr det fleire ressursar me kan spele på. Dei bidreg som ein utanforståande tredjepart, tilgjengeleg for å rådgje på vegen”, forklarer Lønne.
Teknologi av interesse for SIMAS
På eigarsida i Vest Resirkuleringssenter finn ein SIMAS, som eig 24 prosent.
Dette er ein teknologi me ser trur vil vere interessant å teste opp mot eigne avfallsstraumar. Målet er å sjå på moglegheiter for å utvinne til dømes biokol, seier Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS.