– Sunnfjord har eit unytta potensial for vekst

iStock-1314737634.jpg

Regionen har ikkje vore tilknytt nokon næringshage. Difor er tre million kroner frå nasjonalt hald øyremerka næringslivet i Sunnfjord.

«Sunnfjordsatsinga» er eit prosjekt starta i 2020 og går over tre år. Næringshagane i Stryn, Nordfjord og Sogn har, saman med Kunnskapsparken Vestland, tatt på seg å hjelpe verksemder også i Sunnfjord, då dei ikkje har nokon eige næringshage.

­– Målet er å hjelpe bedrifter til vekst og utvikling. Vi ønskjer på ingen måte å komme inn og overstyre lokale krefter, kommunar eller andre som allereie gjer ein god jobb for å fremje utvikling. Vi vil inn og hjelpe der vi kan, og skape samarbeid og koplingar mot rette miljø, fortel Knut-Henning Hjellbakk, dagleg leiar i Stryn Næringshage.

Hjellbakk har, saman med dei andre samarbeidspartnarane, god erfaring med med å utløyse potensial i vekstbedrifter. Denne kunnskapen ønskjer han fleire skal få nytte av.

– Saman har vi som mål å dekke heile regionen Sogn og Fjordane. Men i Sunnfjord vart det eit svart hol på kartet. Vi såg at vi burde ta ei rolle her, og fekk støtte frå SIVA og fylkeskommunen. Slik har vi fått finansiert satsinga og har allereie treft fleire målbedrifter med ulike behov, fortel Hjellbakk.

­– Gir moglegheit for sunn vekst

Åge Johnny Kalstad, dagleg leiar i Hoff og Knutson Transport AS.

Åge Johnny Kalstad, dagleg leiar i Hoff og Knutson Transport AS.

Hoff og Knutson Transport er ei av bedriftene. Dei jobbar med transport, flytting og bodbilteneste over heile landet, med kontorplass i Førde. Dei har inngått ein oppdragsavtale med Sunnfjordsatsinga etter at dei deltok på vekstprogrammet til Kunnskappsarken Vestland hausten 2020.

– Vi får hjelp til alt frå rekruttering, annonsering, sosiale medium og omdøme, i tillegg til arbeidsmiljø og trivsel. Det å ha nokon som kan sjå selskapet frå utsida er viktig for oss, fortel Åge Johnny Kalstad, dagleg leiar.

Han fortel om gode samtaler, diskusjonar og god involvering i selskapet kring ulike tema er fruktbart for dei. Kalstad er ikkje i tvil om at samarbeidet og kompetansen dei får tilført selskapet gjennom Sunnfjordsatsinga er svært viktig for vidare arbeid med struktur, selskapsplattform og trivsel.

Starta med «Vekst i lag»

Sunnfjordsatsinga er eit av prosjekta i «Vekst i lag», ein partnarskap mellom Sognefjorden næringshage, Stryn næringshage, Inviro (tidl. Nordfjordeid næringshage)  og Kunnskapsparken Vestland. Dei skal hjelpe vekstbedrifter, og bygge fram potensiale for vekst og utvinkling. Vekst i lag har i dag meir enn 200 medlemsbedrifter.

Vekst/I/Lag samlet i Flåm.

Med det prosjektet får bedriftene i Sunnfjord også tilgang på næringshageprogrammet, som dei ikkje har hatt tidlegare.

– Det er eit stort spenn i kva vi faktisk gjer, frå å gje tilgang til vårt nettverk til å få bedriftene med på aktivitetar og utvikling, som til dømes vekstprogrammet (link), fortel Sigrid Førde i Kunnskapsparken Vestland. Førde er prosjektleiar for Sunnfjordsatsinga då ho har kontorplass i Førde og allereie er tett på næringslivet i Sunnfjord.

Førde fortel at poenget med Vekst i lag, er å få utløyst innovasjonsprosessar på eit tidlegare stadium og ta tak i utviklingsprosjekt som kanskje hadde stoppa opp utan drahjelp. Dette gjeld alle bransjar, frå reiseliv og varehandel, til industri.

– Med Vekst i lag står vi saman om det vi gjer og får prosessane til å samkøyre. Med til saman 17-18 tilsette, spedt utover regionen og med brei kompetanse, kan vi ta på oss mange oppgåver, utdjupar Førde.

No som Sunnfjordsatsinga er ei utviding av partnarskapen, betyr det at også bedrifter i Sunnfjord får denne drahjelpa.

– Vi har fortsatt ein god veg å gå, og sidan vi starta opp like før koronakrisa, gjekk det litt tregt i starten. Men no som vi i større grad kan reise rundt å møte folk igjen, håper vi å bli enda meir synlege for næringslivet, og få enda fleire vekstbedrifter med oss, fortel ho.

 
Sigrid_Anette_Forde.jpg
 

Vil du vite meir om Sunnfjordsatsinga?
Kontakt prosjektleiar Sigrid Førde.

 

Gasta Designregion