Godt levert: Fjellpitch 2023

 
 

23. februar blei Moa Terjesdotter Eriksson vinnar av årets Fjellpitch. Fjellpitch blei arrangert av HVL Skape, Fjellsportfestivalen, Sogn Næring og Kunnskapsparken Vestland.

«Eg tykkjer det er flott å sjå unge folk som tør å koma fram med sine idear på den måten dei gjorde. Alle hadde eit oppriktig ynskje om å gje noko til glede for andre, enten det var eit produkt eller ei teneste. For meg var det ekstra kjekt å kunne prate med deltakarane etter konkurransen for å ha ein dialog om korleis alle kunne ta ideen med vidare. Eg håpar alle seks lukkast med sine planar.»

Slik samanfattar ordførar Arnstein Menes idékonkurransen Fjellpitch som blei arrangert torsdag 23. februar. Arnstein satt i juryen saman med Sigrid Alice Hovland frå Innovasjon Norge, Kjetil Russenes, gründeren bak Sognefjord Kaffibrenneri og Lea Myklebust i Kunnskapsparken.

Dagen blei innleia frukostservering etterfølgt av inspirerande fortellingar frå Tore Frimanslund som fortalte om reisa til SGN skis og Kjetil Russenes som fortalte om korleis Fjellpitch blei starten for Sognefjord Kaffibrenneri. Dei hadde begge eit ønskje om både å roa nervane til pitchedeltakarane og å motivera dei til å satsa på ideane sine. 

Vi fekk høyre seks gode forretningsidear. Det var stor variasjon mellom ideane, med eit spenn frå lokale idear for kunst- og handverkssenter, leirskule, og nytt konsept for gjenbruksbutikk til digitale løysingar for vikartenester og CE-merking.

Juryen fekk ingen enkel jobb og ba til og med om ei ekstra runde med tre av finalistane før dei fatta ei slutning. Til slutt var det Moa Terjesdotter Eriksson med konseptet Me Syr som vann den gjeve premien til ein verdi av 50.000 kroner. Ordførar Arnstein Menes fortel at vinnaren hadde eit godt gjennomtenkt konsept, og at berekraft, innovasjon, dedikasjon og kommunikasjon var viktige element som samla gjorde at juryen landa på Moa som årets vinnar.

Med bedrifta si Me Syr vil Moa at vi skal kunna behalda kleda våre lengre gjennom å tilby reparasjon. Ho har ein innovativ forretningsidé og vil gjere reparasjon lettare tilgjengeleg for både bedrifter og privatpersonar i Sogn. Moa fortel at ho var både spent og nysgjerrig i forkant av Fjellpitch.

«Eg var spent på korleis det skulle vere å pitche idéen foran juryen og publikum, og sjølvsagt nysgjerrig på dei andre pitcherane og deira idéar. Sjølv om eg hadde fullt av nervar i kroppen så klarte arrangørane og gjesteforelesarane (Tore og Kjetil) å spreie ro i lokalet med oppmuntrande ord og morosame erfaringar dei har gjort seg som gründare».

Med premien som består av både 20.000 i kontantar, kontorplass på fus og rådgiving frå erfarne forretningsutviklarar gler Moa seg til å fokusere på Me Syr framover.

« Planen nå er å kartleggje så mange potensielle samarbeidspartnarar som mogleg, få på plass kundeavtaler og planleggje nye marknadsaktivitetar. Målet er å kommersialisere idéen i Q3. Så skal Me Syr, saman med Sogndals innbyggarar og bedrifter forlenge levetida på klede og soleis redusere tekstilavfall.» fortel Moa.

Når vi spør Moa om ho har nokre tips til dei som kanskje sitt med ein idé og lurer på om dei skal bli med neste år så har ho svaret klart: «Meld deg på!»

« Det var ei lærerik oppleving. Eg fekk god vegleding i forkant og masse gode tilbakemeldingar både frå juryen og dei andre pitchedeltakarane. For meg var det og veldig positivt at nokre av dei andre pitchedeltakarane potensielt kan bli gode samarbeidspartnarar» fortsett Moa.

Vi ønsker Moa all lukke til framover!