Sigrid er ny forretningsutviklar i Kunnskapsparken

Sigrid Anette Førde begynte i Kunnskapsparken Vestland i September. Du finn ho på Peak Sunnfjord.

Sigrid Anette Førde begynte i Kunnskapsparken Vestland i September. Du finn ho på Peak Sunnfjord.

Sunnfjordingen tek med seg over 10 års erfaring frå rekrutteringsbransjen og eit stort samfunnsengasjement.

Sigrid Anette Førde (37) har vore ein del av oss i Kunnskapsparken Vestland sidan september, med kontorplass på Peak Sunnfjord. Ho var eigentleg ikkje på jakt etter ny jobb, men kom over stillingsannonsen, som trefte ho godt.

– Dette er ein jobb eg kan kombinere med personleg interesse og samfunnsengasjement. Eg får vere med å utvikle næringslivet og bidra til at andre lykkast. Det er veldig spennande, fortel Førde.

I søkjerlista på 36 personar, var det Førde som peika seg ut som den rette kandidaten. Ho har lang og relevant erfaring,  stort nettverk i regionen og kjennskap til relevante prosesser.

– Eg ser allereie at ho er flink til å jobbe med folk. Sigrid kan fort avdekke moglegheiter og problemstillingar i møte med bedrifter og gründerar – noko som er ein viktig faktor i arbeidet vårt, fortel kollega Geir Opseth.

Lang erfaring med leiarskap og rekruttering

Førde kjem frå den vetle grenda Førs, ved Breimsvatnet i Jølster. I dag bur ho med mann og to barn i Naustdal. Med seg har ho blant anna mange års leiarefaring, kor dei 9 siste har vore som salgssjef i i HR og rekrutteringsselskapet Randstad. Her hadde ho totalansvar for Sogn og Fjordane, og kjenner på denne måten gamlefylket godt.

– Eg har jobba «hands on» med veldig mange bedrifter i regionen vår. Eg har vorte kjent med utfordringane deira og delteke i omstillingsprosessar. Eg trur rekruttering og næringsutvikling går mykje hand i hand, fortel Førde.

Førde håper og trur erfaringa si kjem godt med. Det at ho har gitt mykje råd og rettleiing, er vant til å jobbe i organisasjonar og vant til å jobbe strategisk, vil ho dra nytte av no.

– Eg er veldig glad for at eg har blitt ein del av Kunnskapsparken Vestland. Det er ein samansveisa gjeng som viser stor respekt for arbeidet og kvarandre. Dei er utruleg dyktige og det imponerer meg korleis dei klarar å kommunisere like godt med ulike målgrupper. Dei er gode menneskekjennarar, fortel ho.

– No gler eg meg til å komme ordentleg i gang med ulike prosjekt og til å bidra til vekst for både nye og eksisterande bedrifter, legg ho til.