– Eg vart introdusert for potensielle kundar med ein gang

TETT OPPFØLGING: Frederic Lundegaard er gründer av Elature og er ein del av inkubatorordninga til Kunnskapsparken. Han er glad for den tette oppfølginga han har fått. Foto: Privat

TETT OPPFØLGING: Frederic Lundegaard er gründer av Elature og er ein del av inkubatorordninga til Kunnskapsparken. Han er glad for den tette oppfølginga han har fått. Foto: Privat

Frederic Lundegaard vart fort ein del av eit verdifullt nettverk da han flytta til Sogndal.

Eigentleg kom han til Sogndal med eit prosjekt innan reiseliv i lommen, men grunna pandemien vart det lagt på is inntil vidare. Det gav han moglegheit til å satse på eit anna forretningsområde; han skulle hjelpe andre verksemder å selje meir.

– Eg hadde erfaring og gode resultat frå sal og marknadsføring i Oslo, så det var ein naturleg veg å gå. Eg vil tilby ein meir moderne salsstrategi, med effektiv leadsgenerering og automatisert marknadsføring. Bedrifter må jobbe meir med å spisse bodskapen og finne salsprosessar som er tilpassa kundane. Her kan eg bidra, fortel Lundegaard.

Elature vart starta i 2019, og kundane sto klar nærmast frå start. Gjennom inkubatorordninga til Kunnskapsparken, vart Lundegaard introdusert for eit nettverk som gjorde han kjend med fleire ulike bedrifter. Det har gjort at han allereie er i gang med å hjelpe bedrifter som Digital Revisor, Munikum og Virtualhouse.

– Eg har jobba i andre gründermiljø i Oslo tidlegare, men har ikkje opplevd å få så tett oppfølging som her. Det er lett å drukne i eit hav av informasjon, så ein er avhengig av god hjelp for å komme seg vidare. Hos Kunnskapsparken vart eg teken seriøst med ein gong og følgd tett opp. Det er eg utruleg glad for, seier Lundegaard.

Vellukka kopling

No er han ein del av FUS Sogndal, der han samarbeider med fleire gründerar. I følge Roger Ulvestad i Kunnskapsparken, har dette vore ein god match:

–Vi sit på oversikta over ulike fagmiljø. Mykje av vår jobb er å sjå bedrifter som styrker og utfyller kvarandre. Dei vi ser har nytte av kvarandre, koplar vi saman. Her har det vore ein vellukka kopling mellom fleire bedrifter, det er gledelig, fortel Ulvestad.

Gasta Designinkubatorbedrift