Samarbeid på tvers har auka entusiasmen for innovasjon
Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Kunnskapsparken Vestland ser at tett samarbeid aukar innovasjonstakten i helsesektor og akademia.
Begge desse sektorane har over tid hatt eit ønskje om å auke innovasjonstakta. Mange idear blir verande innan organisasjonen, ofte av grunnar som mangel på tid, midlar og/eller kjennskap til dei ulike ordningane. Ideen med eit trepartssamarbeid på tvers av sektorane, er å auka fokus på innovasjon innan helsesektoren og akademia.
Ved å avdekke og fokusere på idear frå tilsette, kan ein i neste steg tilby ein forretningsutviklar og rådgjevar for å hjelpe dei tilsette med å utvikle ideane sine, og få dei kommersialisert slik at «alle» kan ha nytte av dei.
– Vår påstand er at det ikkje er mangel på idear, men mangel på midlar, tid og kjennskap til korleis ein skal gå fram. Vi har sett at det finst eit stort unytta potensiale. Det er dette som gir partane trua på at stillinga kan arbeide målretta med å realisere forskingsprosjekt og innovative idear, forklarer Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken Vestland.
Ny, fast stilling
I 2017 oppretta partane eit treårig prosjekt med fokus på kultur for innovasjon i dei to sektorane. Det vart tilsett prosjektleiar i prosjektet, med kontorplass hjå Helse Førde.
– I løpet av prosjektperioden ser vi heilt klare effektar av samarbeidet. Kulturbygging tek tid og det er det vi driv med. Men me ser at spennande idear vil bli sett ut i live, fortel Kvåle.
– Det gode samarbeidet som har fått utvikla seg i prosjektperioden, har utvikla seg til verdiar i seg sjølv – partane har auka samhandlinga og har fleire formaliserte samarbeidsavtalar. Før vi begynte med dette samarbeidet var dialogen mellom partane av meir sporadisk art. No har vi jamlege dialogmøter med leiinga både i Høgskulen og Helse Førde, legg Kvåle til.
Difor er prosjektstillinga no omgjort til ei fast stilling, der Gro Rukan er tilsett. Stillinga er plassert i Helse Førde, og har som oppgåve å ivareta oppgåvene i samarbeidsavtalen mellom dei tre partane (HVL, HFD og KPV).
– Det er spanande å få bidra til auka innovasjon både blant studentar og tilsette ved HVL og i Helse Førde. Mange tilsette på sjukehuset er gode problemløysarar, og helsesektoren har lang tradisjon for systematisk arbeid med kvalitet og forbetring. Omgrep som innovasjon er nok litt meir framand, men det er ikkje lange steget frå ein forbetringstanke over i innovasjonsarbeid. Det er ei kjekk rolle å få vere brubyggjar mellom miljø, og rettleie idéhavarar vidare på vegen med sitt innovasjonsprosjekt, seier Gro Rukan.
Glad for samarbeid
Prorektor på Høgskulen i Vestland, Bjørg Kristin Selvik, er veldig glad samarbeidet har fungert så godt:
– Høgskulen er veldig glad for det tette samarbeidet med Kunnskapsparken og ikkje minst fysisk nærleik til Campus, både i Førde og i Sogndal. Tilgang på inkubator og rådgjeving er viktig for studentane. Eg trur dette både ufarleggjer og forenklar moglegheita deira til å utvikle sin eigen idé.
Utviklingsdirektøren i Helse Førde, Anne Kristin Kleiven, er samd i det:
– Helse Førde arbeider strategisk med å auke aktiviteten innan forsking og innovasjon. Eit viktig grunnlag for å få dette til er eit utstrakt samarbeid; både internt i Helse Førde, med kommunar, lokalt næringsliv og utdanningssektoren. Trekantsamarbeidet mellom Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og Kunnskapsparken Vestland er særs viktig for å få fram gode idear og hjelpe gründerar og idéhavarar. Det er slik vi får gjort ideane våre levedyktige.