No kan Kristian få fleire gründerar å sparre med
Kunnskapsparken Vestland har stege på SIVA-rangeringa. Det betyr ein million meir i årleg tilskot for å satse på lokale gründerar i Sogn og Fjordane.
– Det blir bra med eit enda større inkubatormiljø. Eg har vekse mykje på dette miljøet her. Dei som sit i inkubator, både her på FUS Sogndal, Peak Sunnfjord, Nordfjordeid og Stryn, møtast til dømes jamleg på Teams. Her gir vi tips og innspel til kvarandre, det har vore veldig nyttig, fortel Kristian Bøe Midtsæter.
Opp eit nivå
Inkubatorordninga til Kunnskapsparken Vestland er ein del av inkubatorprogrammet til Siva. Hovudmålet er auka nasjonal verdiskaping gjennom effektivt å identifisere, vidareutvikle og kommersialisere gode idear til nye vekstbedrifter, og gi ny vekst i etablerte verksemder. Gjennom programmet bidreg Siva med 1,5-5 millionar kronar i årlege tilskot, alt etter kva nivå inkubatoren ligg på.
– Inkubatoren til Kunnskapsparken har over tid levert over landssnittet på ei rekkje områder. I tillegg er gründerane sjølve nøgde med tilbodet, og opplev at tenestene og nettverket bidreg til raskare utvikling og vekst. Dette har ført til at vi har steget i tilskotsmodellen til Siva, og er no rangert på nest høgaste nivå. No er vi oppe på eit nivå på linje med sterke inkubatormiljø i byane og går frå 3 til 4 millionar i årleg tilskot frå Siva. Dette er ei stor tillitserklæring, fortel Roger Ulvestad i Kunnskapsparken.
– For brukerane betyr dette at vi kan utvide tilbodet vårt og utvikle fleire gründerbedrifter og forhåpentlegvis få auka «spinn offs» frå etablerte bedrifter, legg Ulvestad til.
– Unikt tilbod
Kristian Bøe Midtsæter er tilsett i GreEnergy, ei bedrift som utviklar meir bærekraftige løysingar for industrien. Bedrifta starta i 2019 og 27-åringen vart med i september, med ein kollega i Bergen og ein i Førde. Bøe Midtsæter fann seg kontorplass på FUS Sogndal på eige initiativ, men fekk etter kvart tips om inkubatorordninga. Der kunne han få kontorplass til redusert pris, rådgjeving og tilgang til eit større nettverk.
Vi i Kunnskapsparken fann prosjektet spennande og ser tydeleg potensiale for vekst. Først vart Bøe Midtsæter med i pre-inkubator, før han vart tatt opp i inkubatorordninga frå 1. desember.
– Kunnskapsparken har vore uvurderleg. Dei har hatt trua på prosjektet heile vegen og gitt meg god rettleiing. Dei har eit utruleg nettverk innan fornybar energi som eg har nytt godt av. Eg har aldri kome som fort inn i eit nettverk som her, og fått hjelp så kjapt, fortel Kristian Bøe Midtsæter.
Viktig for næringslivet
Randi Torvik i Siva er glad Kunnskapsparken Vestland no kan tilby eit inkubatorprogram på nest høgaste nivå. Ho ser at Kunnskapsparken tek ei stor rolle på Vestlandet, ei rolle som skapar resultat.
– Dette er ein nasjonal konkurranse, der vi ser på 33 ulike inkubatorar. Det er ei omfattande evaluering, med 21 ulike kriterier ligg til grunn. Dei som samla sett gjer det best, får auka tillit, forklarer Torvik.
– Tenesta Kunnskapsparken tilbyr gründerane er relevant og blir gjort på ein god måte. Det ser vi ut frå undersøkingar der gründerane sjølv har meldt si tilfredsheit tilbake til oss. Det viser at inkubatorprogrammet Kunnskapsparken Vestland tilbyr er viktig for næringslivet i regionen, eit tilbod vi no håpar dei kan utvide, legg Torvik til.
Bård Sandal, Fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune, er òg imponert over kva tilbod Kunnskapsparken Vestland tilbyr.
– Det er vel fortent å rykke opp eit nivå, dei gjer ein viktig jobb. At Kunnskapsparken får auka tilskot til inkubatorprogrammet seier noko om kvaliteten på leveransen. Det å få auka ramma med ein million kroner kjem ikkje av seg sjølv, seier han stolt, og legg til:
– Vestland har vakse til det største næringshage- og inkubatorfylket, der vi totalt får 15 prosent av tilskotsrammene. At Kunnskapsparken no matchar inkubatorordningane i større byer er godt jobba. Dei har, med namneendring og strategisk tilnærming, teke ansvar for å jobbe geografisk uavhengig, med godt samarbeid både sørover og vestover. Det gir oss høg kvalitet i fylket vårt.