Henta 17 millionar for å betre kommunikasjonen mellom pasient og behandlar
I løpet av tre år har Norse Feedback henta 17 millionar kroner. Seks av dei vart hanka inn under koronakrisen.
– Det er mykje pengar og det er mykje lokale investorar. Investorane har heile vegen hatt tru på ideen vår. Det kjennast bra. Vi har eit godt produkt og vi har ei god framdrift, så vi gjer noko riktig. Vi har klart å fokusere på dei vegane som gir oss god utteljing og gått vekk frå dei som ikkje gjer det, fortel Joachim André Vie, dagleg leiar i Norse Feedback.
Prosjektet starta i 2014
Basert på omfattande forsking, utvikla gründerane Christian Moltu og Sam Nordberg metoden Norse, «Norwegian Outcome Response System for Evaluation». Metoden revolusjonerer kartlegginga av pasientar innan psykisk helse, med digitale verktøy som vert tilpassa pasienten. Tidlegare har kartleggingsverktøya vore prega av statiske og papirbaserte metodar. I 2018 starta gründerane selskapet Norse Feedback, for å kommersialisere metoden og utvikle eit digitalt verktøy «alle» kunne nytte. Joachim Vie starta som dagleg leiar, etter å ha jobba som forretningsrådgjevar i Kunnskapsparken Vestland.
– Eg ville bli med på denne spennande reisa. Kunnskapsparken har vore med sidan start og har hatt ei viktig rolle for å få kommersialisert ideen. Nå er det digitale verktøyet allereie nytta av mange kommunar og sjukehus i Noreg, og vi er i dialog med fleire aktørar, fortel Vie. Sjølve produktet kombinerer ny forsking med kjent teknologi. Pasienten får tilgang til sitt individuelt tilpassa spørjeskjema, som vert generert automatisk basert på det pasienten svarar mellom kvar legetime eller psykologsamtale. Dette skal effektivisere helsesektoren og betre samarbeidet mellom pasient og behandlar.
Korleis 17 millionar?
Norse Feedback starta med ein kapital på 2,5 millionar. Målet var å tilsette to personar og få drifta i gang. Her var mellom anna Kunnskapsparken Vestland med å investere.
– Deretter hadde vi fokus på korleis vi kunne hente inn fleire midlar. Vi så på korleis vi kunne byggje selskapet og nytta nettverket i Kunnskapsparken. Hausten 2018 klarte vi å få på plass ein emisjon på 6 millionar. Dette gjorde oss klar for vidare oppskalering, fortel Vie.
Deretter har dei jobba fram ein emisjon på 4 millionar, før dei 17. mars sikra emisjonen på 7 millionar.
– Det vart midt i koronakrisa, så det kunne fort gått begge vegar. Vi er veldig glad me landa den emisjonen. Vie fortel at dei er avhengig av å ha med investorar og må tenke stort. Først og fremst har dei vore hjelpt av eit godt nettverk. Her har Kunnskapsparken hatt ei sentral rolle.
– Kunnskapsparken kopla oss med fleire aktuelle investorar. Midlane dei kom med i ein tidleg fase har vore eit viktig grunnlag for å få på plass emisjonane, fortel Vie. I tillegg til 17 millionar i investorkapital, har Norse Feedback fått offentleg stønad til utvikling. Mellom anna 7 millionar frå
Innovasjon Noreg, for å utvide til ein internasjonal marknad.
Gjennombrot rett rundt hjørnet
Med gode investorar på laget, håper og trur Vie dei vil landa ein enda større emisjon snart. Her er det snakk om ein investor som truleg doblar potten. Dette er kritisk for å realisere planane om internasjonalisering.
– Det verkelege gjennombrotet kjem no i løpet av hausten eller i vinter, trur Vie. Han fortel at dei stort sett har kontroll på den norske marknaden. Mange kommunar og aktørar er allereie i dialog, og produktet er i bruk fleire stadar i landet. No jobbar dei med eit tett samarbeid med CORE IMS i England. Der ønskjer dei å samarbeide om å forske, utvikle pilotar og spreie teknologi til kundar og pasientar, basert på metoden Norse.
– Her er det snakk om tusenvis av brukarar. Eg trur faktisk me har spreidd metoden og kunnskapen vår til heile Norden i løpet av neste år, seier Vie.
Kunnskapsparken Vestland eig 24 prosent av aksjepostane til Norse Feedback AS.