Dei ynskjer å byggje grønare bygg
– Å samlast for å dele kunnskap og erfaringar gjer at vi saman kan få til ein grønare byggenæring.
Det fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken, prosjektleiar for «Grøn omstilling i byggebransjen». Før jul fekk prosjektet tildelt 1,6 millionar kroner frå Vestland fylkeskommune til å byggje opp ein grønare kompetanse i byggjenæringa.
– Vi jobbar saman med den lokale byggenæringa, for å auke kompetansen på korleis ein best jobbar med grøn omstilling og for å redusere utslepp i byggeprosjekt, fortel Hovland.
– Det er viktig at store og små aktørar kjenner til kva som blir framtida. Bedriftene må få oversikt over kva dette kan ha å sei for den enkelte si drift og behalde konkurransekrafta. Kunnskapen må aukast, og kompetanse, utstyr, system og samarbeid må utviklast, utdjupar ho.
Fleire samlingar
Tysdag 29. mars hadde dei første informasjonsmøte på ViteMeir. Erling Vigdal frå Betongblanderiet fortalte om lågkarbonbetong, medan Tage Rickard Sundell frå Vestland Fylkeskommune og Ole Rosenlund frå Åsen & Øvrelid mellom anna fortalde om prosessen med å byggje det høgst sertifiserte bygget i regionen: Sogndal VGS/ViteMeir på Kaupanger.
– Det vart godt oppmøte og ein god dialog denne dagen. Det var flott å sjå, fortel Hovland.
Neste på planen er å få til samligar i Sunnfjord og Nordfjord i løpet av mai og juni.
– Eit godt initiativ
Ole Rosenlund frå Åsen & Øvrelid synes prosjektet «Grøn omstilling i byggebransjen» er eit godt og nødvendig initiativ.
– Dette er ein bransje i stadig endring, og det krev litt å følgje med. Det gjeld både byggherrar, entreprenørar og leverandørar. Alle er einig i at vi må følgje med, men det er tidkrevjande og utfordrande å ha tid og kapasitet nok. Difor er det så bra at vi kan samlast og lære av kvarandre, fortel Rosenlund.
Prosjektleiaren fortel om godt oppmøte og god dialog så langt. Det vart teken opp fleire ulike problemstillingar rundt implementering av det grøne skiftet.
– Å gå frå teori til praksis er ofte utfordrande, og det skjer ting på vegen. Difor er det fint å høyre kva andre tenkjer. Det kan til dømes vere knytt til CO2- og miljørekneskap, bruk av solceller, avfallshandtering og gjenbruk av material.
Vi i Kunnskapsparken håper dette kan vere med å auke kunnskapen og redusere tid, krefter og kostnader for naudsynte endringar bedrifter i bransjen må handtere.
– No er det først samlingane i Sunnfjord og Nordfjord der det generelle bilde blir sett lys på. Men dette er langvarig arbeid som vi må ta stegvis saman. Det blir difor invitert til fleire samlingar der vi vil gå vidare og ta opp meir konkrete problemstillingar som kom fram i samlingane, fortel Hovland.