Jakta på kapital
Korleis skaffar ein kapital i startfasen av eit prosjekt? Vi veit godt kor vanskeleg det er å få tak i midlar når risikoen er høg.
– Mangel på risikokapital er ofte det som stopper bedrifter i ein tidleg fase. Dei treng midlar for å komme vidare, men det er høg risiko for ein investor å gå inn med mildar. Det kan bety at mange idear ikkje blir noko av, fortel Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken Vestland.
– Skal ein til dømes søke offentleg støtte, er det som hovudregel krav om at det også vert stilt privat kapital til rådvelde. Det er det ikkje alle som har, legg Kvåle til.
Rekordmange gründerar fekk hjelp
Det er dette Kunnskapsparken Vestland har rigga seg for – å ha gode og treffsikre verktøy til å hjelpe bedrifter i ein oppstartsfase. Og aldri før har Kunnskapsparken hjulpet fleire gründerar med å stable nye prosjekt eller bedrifter på beina: I 2021 var 66 bedrifter ein del av inkubatorprogrammet som vert tilbydd av Kunnskapsparken - med SIVA i ryggen.
– Det blei eit rekordår. Det var rekordmange bedrifter knyta til programmet og vi henta inn rekordhøg investorkapital, fortel Kvåle.
Han fortel at dei gjennom 20 års erfaring, har fått satt ting i system. Kunnskapsparken har erfart kva som skal til for å utløyse dei rette verkemidla, og har fått på plass gode verktøy for å nå ut til relevante investorar.
– Vi kan rett og slett tilby eit velfungerande system for å skaffe kapital, forklarar Kvåle.
Ulike verkemiddel
Når nye idear kjem inn, er det to ting som er kritisk. Det eine er god forretningsutvikling – korleis få ideen ut i markanden og det andre er kapital. Og her kan Kunnskapsparken bidra med ein god kombinasjon.
Vi kan hjelpe bedrifter å klargjere dei for vidare skalering og vekst. Mellom anna rigge dei for å kunne søkje offentlege midlar.
– Ingen kan ta ut 100 % offentlig støtte, der er ikkje lov. Difor trengs det privat risikokapital for å kunne søkje om meir kapital.
I utgangspunktet har vi tre etablerte verktøy:
Sogn og Fjordande-Fondet
Vårt «eige» fond, eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken og fylkeskommunen.
Dette er eit fond vi kan nytte som presåkornkapital, altså gå inn med kapital til bedrifter i ein veldig tidleg fase. Vi kan maks gå inn med 500.000 kroner totalt, ofte fordelt over to rundar.
Connect BAN
Eit formelt nettverk av investorar som er interessert i å investere i oppstartsbedrifter.
Kvar investor teke avgjersle om kva bedrift dei vil investere i. Ofte matchar vi eige fond med investorar frå nettverk som dette.
Sparebanken Vest-fondet
Eit gåvefond der ein søkjer midlar i ein tidleg fase. Her er vi i Kunnskapsparken med å evaluere søkjarar og dele ut midlane.
Kven vert prioritert?
Det er visse kriterier ein må huke av på for å få midlar og rettleiing, mellom anna «nyskaping» og «vekstpotensiale».
– Eg veit ikkje om nokon gode idear som ikkje har fått kapital, enten offentlig eller privat, fortel Kvåle, og legg til:
– Dei bedriftene som får støtte hos Innovasjon Noreg, får ofte støtte hos oss - og vice versa. Det viser eit godt samarbeid mellom dei nasjonale verkemidlane (SIVA og Innovasjon Noreg) og private investorar. Vi pleier å sei at samspelet mellom offentleg og privat kapital, ofte resulterer i at ei krone vert til tre – då privat kapital utløyser offentleg støtte og verse visa.
Kjetil Kvåle er kontaktperson for Sogn og Fjordane Fondet og Connect BAN, medan Jøril Holand er kontaktperson for SPV fondet.