Bli med på Helseinnovasjonskonferansen 2. og 3. februar
Vi gjentek suksessen frå i fjor, med ein digital, tverrfagleg møteplass for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren.
Tid: 2. og 3. februar
Stad: digitalt
For kven: alle med interesse for helse, teknologi og tenesteinnovasjon
Av kven: Helse Førde, med hjelp frå Kunnskapsparken Vestland, Innovasjon Norge, Høgskulen på Vestlandet, NHO, Forskingsrådet, Norwegian Smart Care Cluster, Sunnfjord Utvikling og KS.
-
Helseinnovasjonskonferansen er ein årleg konferanse arrangert av Helse Førde, der mellom anna vi i Kunnskapsparken Vestland er medarrangør. Konferansen går frå lunsj til lunsj, der ein kan velje kva ein vil delta på.
Det blir over 30 foredragshaldarar frå både offentleg sektor, næringsliv og akademia. I tillegg vert det ein stor, digital utstillardel for bedrifter innan teknologi og tenesteinnovasjon innan helse - eller andre som ynskjer å vise seg fram til dette publikum.
– Det er sjølvsagt fint om vi, i tillegg til ein fantastisk konferanse, klarar å sette regionen vår på kartet, med tanke på kor stort miljøet for helse og helseteknologi er her. Dette skal vere ein konferanse der ein kan komme i kontakt med andre i bransjen, bli oppdatert på spennande utvikling, få presentere nye idear og komme i kontakt med andre innan eige fagfelt, fortel Sigrid Førde i Kunnskapsparken Vestland, som er med på å arrangere konferansen.
Gjentek suksessen frå i fjor
I år, som i fjor, blir det ein digital konferanse grunna koronasituasjonen og omsyn til smittevern. Sigrid fortel om fjorårets konferanse som var ein suksess, og som hausta svært gode tilbakemeldingar frå deltakarar landet over.
– Vi fekk så mange gode tilbakemeldingar. Det fungerte kjempebra, så vi er ikkje bekymra for å gjere det same også i år. Vi vil ha føredrag og paneldebattar digitalt, og gründerane får moglegheit til digital utstilling der dei kan booke tid med aktuelle personar, forklarar Førde.
Dette er ein god og gjennomtenkt konferanse. Ikkje mange vekene etter fjorårets konferanse starta prosjektgruppa opp med å planlegge årets. At ein stor aktør som Helse Førde knyter til seg miljø som NHO, Innovasjon Norge, Sunnfjord Utvikling, Norwegian Smart Care Cluster og Kunnskapsparken Vestland må berre bli bra!
– Vi i Kunnskapsparken er alltid fremst i rekka når det kjem til å heie på å få til ting, og ein slik konferanse som dette er sjølvsagt at vi er med på. I tillegg til å få skape noko slikt, med heile Noreg som kundegruppe, er vi sjølvsagt også opptatt av å skape ein arena kor «mannen i gata» og «direktøren» skal få møtast, utdjupar ho.
Dette er ein konferanse for heile landet, med store namn på lista over foredragshaldarar.
Årets foredragshaldarar:
Kommersialiseringsaktør
Kunnskapsparken Vestland jobbar tett med og for innovasjon og nyskaping i regionen. For Helse Førde er Kunnskapsparken kommersialiseringsaktør, og har soleis ei stor og viktig rolle når det kjem til å få hjelpe idear frå ide til marknad.
– Vi jobbar for at så mange idear som muleg skal få sjå dagens lys. Hos HF er grunder ofte legar, sjukepleiarar eller andre fagfolk som ser forbetringspotenisale på nært hald. For å unngå at gode idear blir verande som nettopp berre det, ein idè, har HF gode rutinar på å få fanga opp dette og og knytte til seg rette miljø. Her har vi ei rolle som kommersialiseringsaktør, og vi har mange dømer på eit godt samarbeid.
Og ofte er jo dette nyvinningar som heile Helse Noreg kan ha nytte av – eller heile verda. Norse Feedback er eit godt døme på dette, fortel Førde.