2021: Eit Rekordår
Over 60 bedrifter i Sogn og Fjordane vart ein del av inkubatorprogrammet i fjor. Det viser ein sterkt auke av gode idear og evne til omstilling.
Sidan 2006 har Kunnskapsparken Vestland tilbydd gründerar og oppstartsbedrifter å bli ein del av inkubatorprogrammet , med SIVA i ryggen. Dette er eit program for å hjelpe gründerar med nyskapande idear og bedrifter med vekstpotensiale, ved å tilby rådgjeving og tilgang til nettverk og kapital.
I 2017 talte Kunnskapsparken Vestland 36 bedrifter i inkubasjon. I fjor runda dei 60 bedrifter.
– Det er «all time high» og det er veldig gledeleg. Det betyr at det er god aktivitet i regionen vår, med mykje spennande utvikling på gang, fortel inkubatorleiar i Kunnskapsparken, Roger Ulvestad.
Ein koronaeffekt
Kunnskapsparken har merka at behovet for hjelp til omstilling i bedriftene er større. Forklaringa for noko av aukinga kan ha med koronapandemien å gjere.
– Vi har biståttbistått langt fleire bedrifter til omstilling og nytenking. Kunnskapsparken tilbyr blant anna Vekstprogram for etablerte bedrifter som treng hjelp til å omstille seg eller definere vekststrategiar, i tillegg til eit leiarprogram for gründerar.
– Vi ser at dette er viktig kompetanse å ha på plass i krevjande tider. Alle kan trenge fokus på sunn vekst og godt leiarskap, fortel Ulvestad.
I tillegg har vi nokre nye idear som har sitt utspring frå pandemien, fortel Ulvestad og viser til døme som Smart Cleaner frå Nordfjordeid, som jobbar med ein ny løysing for å desinfisere hender ved å bruke gass.
– Eg synes vi har en utruleg spennande portefølje av inkubatorbedrifter i Kunnskapsparken no. Det er mange spennande bedrifter med både nasjonalt og internasjonalt marknadspotensiale. Og det lovar veldig bra for framtida, seier Ulvestad.
Rekordmange investormillionar
Og det er ikkje berre talet bedrifter som har auka i inkubatorprogrammet. Antal millionar i investorkapital er òg rekordhøgt.
– 13 av bedriftene som har vore i inkubasjon i godt og vel eit år, henta inn til saman 34 millionar kroner i privat investorkapital i fjor. Det er imponerande.
Ulvestad fortel at det er mange vekstbedrifter innan teknologi og helse, og at gründerane er fordelt over heile regionen.
– Det er det mykje spennande på gang både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Og så ser vi at det er nokre miljø som er i vekst, som til dømes teknologimiljø i Stadt kommune.
Endra tilbodet
Den auka veksten har også fått Kunnskapsparken Vestland til å tenkje nytt. Dei har endra måten dei jobbar på og etablert nye tilbod.
– Vi har hatt eit veldig hektisk år. Så for å hjelpe flest mogleg har vi hatt meir oppfølging av bedrifter gjennom samlingar, i tillegg til ein-til-ein-oppfølging. Og det har vore bra for nettverksbygging og kontaktnett på tvers av regionar og bransjar, fortel Ulvestad.
Eit døme på dette er Rask Oppstart , eit program for gründerar og oppstartsbedrifter i tidleg fase som vil utvikle noko nytt og som har ambisjonar om vekst.
– Så no har vi rigga oss godt for å hjelpe enda fleire bedrifter. Så vi håper trenden med inkubatorbedrifter fortsett. Dette er veldig bra for regionen vår, legg han til.