– Eg lærer å vere den leiaren eg ønskjer å vere
Bent Martin Dyrdal har leiaransvar i Rocketfarm og var deltakar på programmet «Leiing for vekst» som Kunnskapsparken Vestland starta i haust.
– Som unge leiarar i eit relativt ungt selskap i stor vekst, har vi eit behov for å vite kva og korleis vi skal strukturere oss for å kunne handtere vekst. So langt i kurset har eg fleire gonger støtt på ting eg håpar vi skal innføre i Rocketfarm, fortel Bent Martin Dyrdal.
Han starta i robotikkselskapet i september 2020, utan nokon særleg leiarerfaring. I dag er han leiar for utvikling, Head of Development, og startar med personalansvar frå nyttår.
– Då er det viktig at eg kan vere den leiaren eg vil være. Eg ønskjer å ha noko eg kan lene meg på når ein må ta eit vanskeleg val, eller er i ein tøff situasjon, fortel Dyrdal.
Får med seg gode verktøy
Leiarprogrammet vart starta i oktober, og gjekk over fleire samlingar i haust. Vi i Kunnskapsparken Vestland ser verdien av å hjelpe bedrifter med godt leiarskap så tidleg som mogleg.
– Det heng jo tett saman. Skal du ha sunn vekst må du ha ein leiar som er best mogleg rusta til å leie andre. Og leiarskap er jo eit eige fag! Kan vi hjelpe leiarar i vekstbedrifter å styre kursen og gi dei nokre verktøy, håper eg dei er langt betre rusta, fortel Sigrid Førde, forretningsutviklar og ansvarleg for kurset i Kunnskapsparken Vestland.
Leiarutviklingsprogrammet ser på korleis du er som leiar i dag, korleis du kan vere som framtidig leiar og korleis du kan få det rette grunnlaget for å lykkast, både for deg og dei tilsette sin del. Dette er viktig for at selskapet skal få de beste resultata.
Undervegs og etter kurset vil vi i Kunnskapsparken også å bistå som samtalepartnar. Vi ønskjer å hjelpe bedriftene vidare for å gi dei nokon som sikrar framdrift, og som kan hjelpe med vanskelege spørsmål i etterkant.
– Vi ønskjer ikkje å sleppe deltakarane i etterkant av kurset, utan at det finnst ein plan på oppfølging. Vi vil rettleie og hjelpe dei som treng det, utdjupar Førde.
Inspirerande kurshaldar
Kunnskapsparken har booka inn ein av landets mest ettertrakta føredrags- og kurshaldarar, Sigurd Granmark. Han er klar på at god leiing, kultur og struktur er fundamentet til økonomisk, menneskeleg og grøn vekst i næringslivet.
– Dagens leiarar er dei første som har ein tydeleg forventning frå sine omgivnadar til å lykkast med alle desse tre. Men mange leiarar har for lite tid til å drive med leiing og kulturbygging, og har sjeldan ein plan om korleis dei skal lukkast med dette, fortel Granmark.
Difor tente han veldig på å leie kursa vi i Kunnskapsparken har satt opp for vekstbedrifter.
– Det er dessverre alt for mange som får oppstartstøtte utan kompetansestøtte. Ideen kan være så god den bare vil, men utan kompetanse for korleis han kan gjerast lønsam, forblir den gjerne berre ein god idé. Eg er imponert over at Kunnskapsparken har identifisert dette med leiarskap i ein så tidleg fase.
Granmark har leia alt frå små til store varsemder, og vektlegg:
– Tru meg når eg seier det er lettare å byggje noko når man er få enn å endre noko nar ein er mange. Skal du lykkes over tid, må du også lykkes med dette.
Nøgd deltakar
Bent Martin Dyrdal i Rocketfarm seier han er veldig nøgd med kurset.
– Både eg og selskapet stor pris på at vi har fått delta. Kurset var bra og kom på eit veldig passande tidspunkt for oss. Og så var det veldig kjekt å få møte og prate med andre i regionen som er i liknande situasjon.
Ønskjer du å høyre meir om vårt leiarutviklingsprogram? Kontakt Sigrid Førde. Programmet er retta mot både gründerar og eksisterande næringsliv.