Denne kaffien kan du drikke utan å setje klimaavtrykk

Jesper Backer Lemming og Mariel Eikeset Koren i Lauget kafé.

Norsk Karbonlagring frå Sandane har fått tildelt 150.000 kroner frå SPV-fondet. Dei vil gi deg moglegheita til å nøytralisere utslepp du ikkje kan redusere. Korleis? 

– Konseptet er enkelt. Bruker du eit tonn CO2, vil vi gi deg moglegheita til å fjerne eit tonn CO2 frå atmosfæren. Ved å grave ned biokol (som inneheld over 90 prosent CO2) i landbruksjord, kan du lagre utsleppa i jorda i opptil tusen år, fortel Jesper Backer Lemming, utviklingssjef og gründer i Norsk Karbonlagring.

Dei fleste varer gir eit CO2-avtrykk knytt til produksjon og transport. Norsk Karbonlagring vil at du skal få moglegheita til å nøytralisere dette avtrykket når du du kjøper ein vare. Du betalar ein nøytraliseringssum som går til å produsere og grave ned biokolet, og du har nøytralisert utsleppet ditt. Slik bidrege du med å redusere CO2 frå atmosfæren.

– I første omgang testar vi konseptet på kjøp av øl og kaffi. Ein kaffe latte har eit gjennomsnittleg klimaavtrykk på 577 gram CO2. Ved å betale 2,30 kr ekstra, nøytraliserer du CO2-utsleppet kaffe latten har, forklarar Backer Lemming.

Gründeren fortel at dei ønskjer å forme dette som ein lokal modell. Kjøper du ein klimanøytral kaffi på Sandane, betalar du den lokale bonden på Sandane for å grave ned biokul i åkeren sin. Handlar du på austlandet, skal det gå til ein bonde på austlandet.

Tilskot for å finne moglegheiter

Denne modellen er allereie under utprøving. I dag kan du kjøpe kaffi på Lauget på Sandane og øl på Gloppen Hotel.

– Neste steg er å finne fleire produkt vi kan nøytralisere. Vi må prøve og sjå kva folk er villig til å betale. Eit produkt med stort klimaavtrykk, vil få ein høgare nøytraliseringspris. Folk er kanskje ikkje klar for å auke prisen med 40 prosent for å nøytralisere for utsleppa, så vi må starte med produkt der prisen ikkje aukar so masse no i første omgang.

Backer Lemming fortel at dei ønskjer at alle skal forstå at vi, på den langsiktige vegen mot eit lågutsleppssamfunn, må ta i bruk karbonfjerning dersom vi skal nå klimamåla våre.  

Vi må redusere utsleppa ved å forbruke mindre, samtidig klarer vi aldri å forbruke null. Derfor må vi utvikle forretningsmodellar som gjer at karbonfjerning kan bli ein del av klimaløysinga og nøytralisere CO2-avtrykk knytt til forbruk.

Meir enn ein lagringsplass for CO2

Modellen deira er avhengig av biokol, noko fleire verkeleg har fått auga opp for. Ikkje berre kan biokol lagre CO2 i fleire tusen år, det bind vatn og tilfører jorda fleire næringsstoff. Slik kan bønder nytte biokol til jordforbetring, og oppnå betre jordhelse og auka jordfruktbarheit.

– Difor er det så mange som vinn på å lagre CO2 på denne måten, fortel Backer Lemming.

Gründeren starta Norsk karbonlagring AS saman med Bjørnulf Tveit Benestad i 2021. No har dei fått med seg to til på laget: Andreas Røe og Anders Waage Nilsen. I tillegg er selskapet «Våren», med Knut Skinnes i spissen, med som medgrunnleggar og kompetansebase.

Biokol kan lagre CO2 i fleire tusen år, det bind vatn og tilfører jorda fleire næringsstoff. Slik kan bønder nytte biokol til jordforbetring, og oppnå betre jordhelse og auka jordfruktbarheit.

Einaste søknad med midlar frå SPV-fondet

I mars fekk Norsk Karbonlagring AS støtte frå Sparebanken Vest sitt fond. 

– Dette er ein spennande og framtidsretta idé som vil gi konkrete resultat for redusert klimautslepp om dei lukkast. Modellen er handfast og det er lett for forbrukaren å sjå kva nøytraliseringssummen går til, då den er lokalt forankra. Om pengane folk må betale gagnar det lokale landbruket, samtidig som den redusere klimagassutslepp er det ein god forretningsidé. Eit spennande element i dette prosjektet blir å få erfaring med folk sin vilje til å frivillig betale litt meir for varene, seier Jøril Hovland i Kunnskapsparken.

SPV sitt næringsfond region Sogn og Fjordane er ei stifting med eige styre som prioriterer innkomne søknader. Styret har fire møter i året, og i forkant av kvart møte blir mulegheiter og søknadsfrist lyst ut. Kunnskapsparken tek imot søknadane og legg dei fram for styret for prioritering og utvelgjing av prosjekt som skal få støtte.  

– Det har vorte vanskelegare å få støtte det siste året, fortel Hovland, då fondet sitt hovudfokus er på grøne forretningsidèar som skal bidra til å redusere miljø- og klimaproblema vi er midt oppe i.

Les også SPV-midlar har gitt over 560 arbeidsplassar

Utløysande for IN-midlar

Backer Lemming og resten av gjengen i Norsk Karbonlagringe er glad dei fekk innvilga søknaden.

– Det er ein fin anerkjenning for oss å få. Det er ekstra kjærkoment at eit lokalt fond har trua på oss.

Selskapet er også i prosess med Innovasjon Norge, som stiller krav til at private aktørar må bidra om dei skal støtte med offentlege middel.

– Støtta frå SPV-fondet kjem derfor ekstra godt med i den fasen vi er i nå, fortel Lemming – og legg til:

– Vi jobbar for at klimanøytalisering blir ein heilt vanleg tankegang hos befolkninga. Om alle forbrukarar får same moglegheit på alt de kjøper, kan det begynne å gjere ein forskjell. Kanskje vil det også gi produsentane ein enda betre forståing av at dette er noko folket faktisk vil ha!

 

Innslag på Vestlandsrevyen i januar: