SPV-midlar har gitt over 560 arbeidsplassar
Frå 2008 til i dag, har Sparebanken Vest sitt næringsfond delt ut 9,7 millionar kroner til over hundre bedrifter i Sogn og Fjordane.
– Det har vore fruktbare pengar. Dei 122 bedriftene som har fått mildar oppgjennom, tel til saman 565 arbeidsplassar i dag, fortel Jøril Hovland, prosjektleiar i Kunnskapsparken Vestland.
Kunnskapsparken Vestland er sekretariat for fondet og Hovland legg fram dei innkomne søknader til fondsstyret som tildeler midlane.
– Rammene for fondet er målretta, og relativt smale. Ideane må vere nyskapande, ha vekstpotensiale i seg, vere framtidsretta og ha grønt fokus. Sistnemnde er nytt og poengtert frå Visjon Vest som tilfører frisk kapital til fondet kvart år. Forretningsidear som får støtte må vere berekraftige og bidra i det grøne skiftet, fortel Hovland.
Fleire av dei som har fått tildelt midlar har fått relativt små summar, men som likevel var veldig viktig støtte i den aller første fasen:
– Det gjer oss litt stolt. Og det viser effekten av desse midlane. Det er ikkje alltid så store summar fondet deler ut, men det at ein kan få økonomisk støtte i ein tidleg fase ,når risikoen er høg, kan vere avgjerande for å komme vidare. Midlane frå SPV-fondet representerer privatkapitalen som må vere på plass for å utløyse offentleg tilskot, forklarar Hovland.
Utdelingar i 2021
I 2020 fekk dei ikkje gjennomført møter grunna pandemien, og difor ikkje utdelt midlar. I 2021 har fondet derimot delt ut 1.550.000 kroner, til 11 ulike bedrifter.
– Gjennom 13 år i drift, har vi etter kvart mange gode suksesshistorier. Det er inspirerande å sjå kva regionen vår byr på av gode gründerar. Og det er godt å sjå at midlane frå fondet, saman med resten av verkemiddelapparatet, bygger berekraftige og godt etablerte bedrifter og nye arbeidsplassar.