Med storinvestor på laget, kan gründerane investere i andre start-ups

VIKTIG NETTVERK: Gjermund Tomasgard frå VirtualHouse (t.v.) og Håvard Halvorsen (i midten) og Halvor Gregusson frå nLink har alle gode erfaringar med inkubator- ordninga til Kunnskaps- parken. VirtualHouse vart inkubatorbedrift i 2019, medan nL…

VIKTIG NETTVERKGjermund Tomasgard frå VirtualHouse (t.v.) og Håvard Halvorsen (i midten) og Halvor Gregusson frå nLink har alle gode erfaringar med inkubatorordninga til Kunnskapsparken. VirtualHouse vart inkubatorbedrift i 2019, medan nLink var i inkubator frå 2013-2016. Foto: Astri Knudsen/Drople.

nLink hanka inn Hilti på eigarsida. Avkastninga på aksjesalet bruker gründerane til å investere i andre nyoppstarta bedrifter.

– At eiga bedrift har gitt oss avkastning og moglegheit til å investere i andre oppstartsbedrifter, er moro. Det er dette som er vår drivkraft, det å få vere med å skape noko, fortel Halvor Gregusson, ein av gründerane i nLink.

Hilti tok kontakt etter dei kom over ein videopost i sosiale mediar. Storprodusenten frå Liechtenstein, med over 30.000 tilsette på verdsbasis, hadde fått nyss om robotutviklarane frå Sogndal. Dialogen gjekk, og i dag eig dei 37 prosent av aksjane. Saman skal dei utvikle borerobotar for byggebransjen.

Aksjesalet gjorde at dei tre gründerane Håvard Halvorsen, Konrad Fagertun og Halvor Gregusson sat att med avkastning på aksjane. Dette vart midlar dei ønskja å nytte som investorkapital i andre bedrifter.

– Før Hilti kom inn i bildet, hadde vi fleire mindre, men gode investorar. Dei har vore alfa omega for at vi skulle få til den utviklinga vi har hatt. Vi veit kor utruleg viktig kapital og nettverk er. Difor er det gledeleg å kunne investere vidare i andre selskap, fortel Gregusson.

VirtualHouse på jakt etter kapital

Gjermund Tomasgard er ein av gründerane som har fått nytte av avkastninga. Med eit nyoppstarta selskap i 2017, var han på jakt etter ein halv million i investorkapital i 2019. Han hadde to lokale investorar, ein bror og Sparebanken Vest- fondet, men mangla litt.

– Eg tok kontakt med Halvor. Vi har studert saman på NTNU og eg ville høyre korleis nLink hadde fått med pilotkunde og rigga utviklingsprosjekt då dei var der eg er no. Eg fortalde at eg var på jakt etter kapital, og då ville Halvor gjerne vere med vidare som investor. I tillegg fekk han med seg Håvard og Konrad, fortel Tomasgard.

Med inkubasjonsavtale med Kunnskapsparken og investormidlar på 500.000 kroner i ryggen, har gründeren hatt god framdrift. VirtualHouse utviklar ei teneste for byggenæringa Tomasgard kallar «ein digital tvilling for tekniske anlegg». Tanken er å testkøyre automatikken til alle dei tekniske installasjonane – før bygget står ferdig.

– Skal ein få dei tekniske systema til å fungere saman, krev det koordinering mellom mange fag og system; energisentral, ventilasjon, brannvarsling osv. I dag får ein ikkje samkøyrt systema før dei er i drift i bygget, og då er det tungvint å gjere endringar, fortel Tomasgard.

For å testkøyre bygningsautomatikken, nyttar VirtualHouse eigenutvikla simuleringsteknologi i sin digitale tvilling. Ei slik teneste gir eit bygg med færre feil når det står ferdig og meir kostnadseffektiv drift.

– Nettverket betyr mykje

Det var litt tilfeldig at nLink-gründerane ville investere i VirtualHouse.

– Eg vil sei det var god timing. Vi hadde ein liten pott med pengar vi ville investere, og Gjermund trengte investorkapital. Vi er begge i byggebransjen og kjente godt til kvarandre frå studietida. Og så er ikkje Nordfjordeid langt frå Sogndal. Eg liker å investere lokalt, seier Gregusson.

nLink har vore avhengig av nettverket sitt. Gregusson fortel at dei fleste investorane kom grunna riktige relasjonar. Dei starta eventyret som inkubatorbedrift i 2013, der Kunnskapsparken Vestland gjekk inn som deleigar.

– Kunnskapsparken vart med i ein emisjon då det verkeleg brann. Dei tok ein høg risiko, men hadde trua på på oss. Det gav avkastning då dei selte seg ut i 2017. Det er godt at det løna seg å ta en såpass stor risiko som dei gjorde, fortel Gregusson.

VirtualHouse-gründeren kan signere på at godt nettverk betyr mykje:

– Eg er open om det meste når eg snakkar med folk som har gått vegen før. Dette er for å få så mange tips eg kan og viktig for å treffe dei riktige investorane undervegs. Å få tak i kapital treng ikkje være vanskeleg, men eg meiner det er viktig med eigarar som og er ressurspersonar i ein tidleg fase. Dette tar tid og krev mange kaffimøter, seier Tomasgard.