– Eit bevis på at nettverksbygging går an på digitale konferansar

Helseinnovasjonskonferansen 2022 er overstått. Over 500 var innlogga, meir enn 100 møter vart booka, og chatten vart over 10 meter lang!

Målet med Helseinnovasjonskonferansen er å skape ein tverrfagleg arena for kompetansedeling og nettverksbygging på tvers av fag og folk - slik at vi saman kan finne nye løysingar for helsesektoren.

Konferansen er arrangert av Helse Førde, der mellom anna Kunnskapsparken Vestland er medarrangør. I år deltok over 30 foredragshaldarar frå både offentleg sektor, næringsliv og akademia. I tillegg vart det ein stor, digital utstillardel for bedrifter innan teknologi og tenesteinnovasjon innan helse.

– Eg meiner vi har bevist at nettverksbygging går an på digitale konferansar, når over 500 var pålogga konferansen, meir enn 100 møter vart booka, og chatten vart over 10 meter lang, fortel Gro Rukan i Helse Førde.

– Ser at dette er nettverksbyggande

Sigrid Førde, forretningsutvikler i Kunnskapsparken Vestland AS

Sigrid Førde i Kunnskapsparken Vestland er glad dei har vore med på arrangementet, både i kulissane og i programmet.

– Vi er stolt over å vere kommersialiseringsaktør for Helse Førde og synast det er flott at vi får vere ein del av eit slikt arrangement. Dette er eit viktig bidrag for å skape ein arena der alle som er interessert i helseteknologi og utvikling i helsesektoren kan møtast. Det er godt å sjå at denne konferansen bidreg til det. Vi ser at dette er nettverksbyggande, fortel Førde.

Forretningsutviklaren er imponert over alle føredragshaldarane som har vore så positive til å få til eit større samhald i bransjen. Ho fortel at dei klarar å sjå forbi kommune- og fylkesgrenser, og får med personar frå heile spekteret.

– Det er fysioterapeutar og leger, gründerar og direktørar, sjukepleiarar og pasientar, det er «alle». Og det er nettopp det vi treng.

Førde fortel òg om engasjerande temaprat i pausane, der mellom anna Hilde Grinde i Kunnskapsparken var deltakar på temapraten «Frå ide til næring – Kvifor få hjelp til kommersialisering?»

Vi håpar alle som deltok sit igjen med nye kontaktar og inspirasjon til arbeidet vidare.

Vi gler oss allereie til neste års konferanse!

 

Bilder frå konferansen:

Alle foto: John Eirik Anfinsen/e-helse Vestland