We are Learning

Frå venstre: Lars-Petter Windelstad Kjos, CPO og co-founder, Are Sundnes, dagleg leiar i Hyper Games, Rolf Risnes, CEO og co-founder, Markus Tallaksen Halvorsen (svart genser), CDO og co-founder og Atle Myhrer Knudtzon (grøn jakke), CTO og co-founder.

Kva tid var behovet for ekstra kapital i bedrifta di størst?

We Are Learning er ein heilt fersk start-up (august 2022), og vi gjennomførte ein emisjon som det første vi gjorde for å kunne ha ønska fart frå start av.

Kven var den første investoren? Var dette utslagsgivande for fleire investorar?

I We Are har alle dei 4 gründerane gått inn med midlar. Vi henta inn 5,7 MNOK i første runde - fordelt på fleire investorar, og det at vi hadde med oss heile gründerteamet frå starten av påverka nok også det at vi fekk med oss fleire eksterne.

Korleis opplevde du jobben med å hente inn kapital?

Vi har tidlegare henta kapital i fleire rundar i tidlegare start-up (Motimate), og har difor eit visst samanlikningsgrunnlag. Det vi opplevde som den største forskjellen er nok diskusjonar rundt verdsetting. Det høyrer vi frå andre case og. Sjølv er vi godt nøgde med både størrelse og verdsetting i denne runda. Det som er heilt sikkert når du skal hente kapital er at det endrar seg heile tida. Det er nok slik kapital innhenting er.

Kva har du henta inn av kapital?

I denne runda (oppstart) henta vi 5,7 MNOK (alt er privatkapital) i ein kombinasjon av investorar og gründerar. I tillegg har vi noko sweat equity gjennom samarbeid med HyperGames.

Vi er stolte av reisa vi har vore med på

I sju år har Sogn og Fjordane-fondet satsa på gründerar i startfasen. Med risikovillig startkapital har dei lagt grunnlag for ytterlegare investeringar og vekst.

– Det er i den tidlege fasen at selskapa har størst behov for at nokon ser potensialet deira og er villige til å investere. Dei treng ei utstrekt hand, både i form av kapital og kompetanserådgjeving

Det seier Roy Stian Farsund, direktør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Ofte er det ikkje storleiken på investeringsbeløpet som er avgjerande, men at nokon viser at dei har trua. Slik har risikoviljen i Sogn og Fjordane-fondet vore utløysande for meir kapital frå andre investorar og stønadsordningar.

Eit brennande ønskje om å bidra.

Sparebanken Sogn og Fjordane hadde lenge sett gode forretningsidear vekse fram innanfor dei gamle fylkesgrensene. Men for gründerar kan jakta på den første, risikovillige kapitalen vere krevjande. Det blei grunnlag for etableringa av Sogn og Fjordane-fondet.

- Sparebanken Sogn og Fjordane har eit brennande ønskje om at næringslivet i Sogn og Fjordane skal utvikle seg og at nye idear skal skapast. Difor var dette ei naturleg rolle for oss å ta, forklarer Farsund.

Sidan etableringa i 2017 har ei rekke bransjar fått betydnings full draghjelp. Fondet vert forvalta av Kunnskapsparken og overskot blir ført tilbake til fondet og kan nyttast til nye investeringar.

- Vi registrerer med glede korleis fondet har bidrege til investeringar i heile Sogn og Fjordane. Det har gått inn i bedrifter som har lukkast bra, med gode utsikter innan sine marknader.

Eit solid nettverk av kompetanse

Farsund presiserer at det i dag er fleire aktørar med eit felles, sterkt ønskje om at lokale gründerar skal lukkast.

- Det eksisterer solide kompetansemiljø rundt om i heile Sogn og Fjordane, som rådgjev inn mot gründermiljøet .Kunnskapsparken er ein av fleire samarbeidspartnarar som rådgjev gründerar i startfasen.

- Vi er veldig fornøgd med reisa vi har vore med på som deltakar i fondet, og ser fram til forsettelsen. Vi tenkjer at fondet er like viktig i dag som det var ved etableringa for sju år sidan, avsluttar Farsund.

 

Dette er Sogn og Fjordane-fondet:

  • Fondet blei etablert i 2017 for å stimulere og styrke framvekst av idear frå forsking, næringsliv og gründerar gjennom tilførsel av kapital i tidleg fase og kompetanse til oppstarts-bedrifter. Målet er å gi tilgang på kapital til vekts og utvikling i ein fase kor anna risiko-kapital er vanskeleg tilgjengeleg.

  • Fondet er eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune og Kunnskapsparken Vestland.

  • Startinvesteringar er på 50.000 til 300.000. Fonden kan gå inn fleire gonger, men ikkje overstige 500.000 per bedrift.

  • Investeringsfondet vert forvalta av Kunnskapsparken, og overskot av investeringane blir ført tilbake til fondet og kan nyttast til nye investeringar.