Sirkulærøkonomi må sjåast på som ei moglegheit og ikkje eit problem!

Jøril Hovland, Prosjektleiar i Kunnskapsparken.

 

I over ti år har Jøril Hovland jobba med å omstille næringslivet til meir berekraftig bruk av ressursar. Først no byrjar det å losne.

Heilt sidan 70-talet har folk kjempa formiljø saker, men interessa har lenge gått i bølgjer. Det er først no næringslivet ser ut til å ha ein felles forståing og kunnskap om sirkulærøkonomi.

- Ein har for alvor byrja sjå konsekvensane av overforbruket vårt. Den generelle forståinga og interessa er på eit langt høgare nivå i dag, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken.

Prosjektleiaren viser til at offentlege styresmakter har teke innover seg klimaendringane. Med EU i spissen, blir det sett nye mål for omstilling til eit meir miljø- og klimavenleg samfunn. Det kjem nye lover, reguleringar og krav, men også i moglegheiter for hjelp til omstilling. Slik sett er offentlege styresmakter ei veldig viktig drivkraft.

- Eit eksempel er EU-taksonomien, der finansnæringa set krav til dokumentasjon på forbruk av ressursar og CO2-utslepp. Om berekningar viser for høge tal, kan det bli utfordrande å få lån, eller at rentene blir høgare, fortel Hovland.

Ressursane ligg i det du har!

Sirkulærøkonomi handlar om at ein gir produkt og materiale så lang levetid som råd, i form av til dømes gjenbruk eller gjenvinning

- Kunnskapsparken har vore involvert i fleire ulike prosjekt; frå forsking på komposteringsprosessar som har resultert i et lokalt utvikla og produsert jordforbetringsprodukt, til gjenbruk av byggmateriell som i eit enkelt prosjekt har spart miljøet for 260 tonn CO2.

Ein har for alvor byrja å sjå konsekvensane på overforbruket vårt.

Kva er sirkulærøkonomi for deg?

– At avfall for nokon kan vere ressursar for andre. Ein god start for bedrifter er å kartlegge ressursane ein allereie har i kretsløpet og materialstraumen. Kvar kjem produksjonsmaterialane frå og kvar går dei? Ved å ombruke materiale, avfall eller energi kan ein samstundes legge grunnlag for ny verdiskaping, fortel Hovland.

Prosjektleiaren opplever at dei aller fleste ønskjer å bidra, men at det er vanskeleg aleine.

– For å lukkast må heile verdikjeda jobbe på lag - og det startar på toppen, med leiarskap som seier seg villig til å betale prisen det kostar for meir berekraftige løysingar.

Nye moglegheiter for vekst

Sjølv om det grøne skiftet for mange betyr å gjere større endringar i eigen prosess eller produksjon, meiner Hovland det er god grunn til å sjå på føringane med optimisme i blikket.

– Sirkulærøkonomi må sjåast på som ei moglegheit og ikkje eit problem. Den grøne utviklinga gir rom for spennande utvikling. Å redusere masseproduksjonen og utvinning av jomfrulege ressursar på globalt nivå, tenkjer eg også er positivt for lokale bedrifter som finn styrken sin i korte kretsløp, med tett kontroll på produksjonsprosessen.

Dette er sirkulærøkonomi:

- I sirkulærøkonomi må produkta vare så lenge som mogleg; reparerast,oppgraderast og i større grad nyttast om att.

- Når produkta ikkje kan nyttast om att, kan avfallet materialgenvinnast og brukast sområvarer i ny produksjon. Slik utnyttar me dei same ressursane fleire gonger ogminst mogleg går tapt.

- Omstillinga til sirkulær økonomi inneber endringar i design (design for sirkulær økonomi),produksjon, val av produksjonsmetodar og forbruksmønster)