VRIr fokuset mot forskingsbasert innovasjon
Auka konkurransekraft og attraktive arbeidsplassar i regionane er hovudmålet med den statlege satsinga Verkemiddel for regional FOU og innovasjon (VRI).
VRI står for Verkemiddel For Regional Innovasjon, og er eit program i regi av Noregs Forskningsråd i samarbeid med Fylkeskommunane, som er den regionale utviklingsaktøren. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har i dette programmet inngått gjensidig forpliktande samarbeid med Innovasjon Norge, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, NHO, LO og Vestlandsforskning.
VRI handlar om regional verdiskaping. Aktørar frå ulike fagmiljø samarbeider på tvers av akademiske og praktiske skiljelinjer, og deler kunnskapen sin. Føremålet med satsinga har vore å å etablere ei sterkare kopling mellom offentlege utviklingsaktørar, relevante forskingsmiljø, næringslivet, verkemiddelapparatet og bedriftene i fylket.
– Å styrke konkurranseevna til næringslivet i fylket, mobilisere og stimulere til meir bruk av FoU i bedriftene, samt gjere arbeidsplassane meir attraktive for godt kvalifisert arbeidskraft, har vore dei viktigaste målsetjingane, seier Jøril Hovland i Kunnskapsparken, som er prosjektleiar og kompetansemeklar i VRI.
Forankra i fylkeskommunal strategi
VRI Sogn og Fjordane har sidan oppstarten i 2007 spelt ei viktig rolle i arbeidet med å få sterkare fokus på samanhengane mellom næringsutvikling og FoU
– VRI-arbeidet har vore viktig i prosessen med den regionale FoU-strategien som fekk namnet ”FoU skal sikre velferda til framtidige generasjonar”, og som vart vedteken i fylkestinget i desember 2009, seier Hovland.
I 2010 vart dette arbeidet vidareført gjennom utarbeiding av ein handlingsplan for den næringsretta FoU-satsinga.
Temabaserte fokusområde
Frå 2011 er del to av satsinga i Sogn og Fjordane konsentrert kring to tema: Fornybar energi og marine næringar.
Jøril Hovland er tilsett i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og er prosjektleiar og kompetansemeklar i VRI.
Dei to innsatsområda er godt forankra i overordna planar. Innanfor fornybar energi vedtok fylkestinget i 2009 ein eigen strategi, der vindkraft og småkraftverk med tilhøyrande utvikling av leverandørverksemder er prioriterte område
– Fagmiljøet på Fosshaugane Campus innanfor fornybar energi har dei siste åra utvikla seg godt, og er i stadig vekst. Høgskulen i Sogn og Fjordane har etablert bachelorstudie, og det er 5 doktorgradsstipendiatar i gang ved Høgskulen og Vestlandsforsking, i tillegg til 1 post doc stilling, seier Hovland. Og den aller første starten på denne utviklinga skjedde i VRI-samanheng.
Innan marine næringar er utvikling av nye artar i opppdrett, foredling og marknadsorientering og generelt utfordringane knytt til eigna lokalitetar, arealtilgang og sjukdom viktige koplingspunkt mot VRI. I Sogn og Fjordane blir det også sett søkelyset på linefiske og utviklingspotensiale der.
Kompetansemekling og forsking
– VRI inngår i strategien for ei langsiktig og systematisk satsing på FoU-arbeid, innafor prioriterte bransjar som marin næring og fornybar energi. Men det er også viktig å leggje til rette for utvikling av bedrifter i alle bransjar, basert på forsking og ny kunnskap, seier Hovland. Og i den samanhengen er det vesentleg at det er bedriftene som definerer kva kunnskap dei har behov for. VRI-Sogn og Fjordane har difor satsa mykje på å få tll tettare kontakt og samhandling mellom FoU-institusjonar og bedriftene gjennom Kompetansemeklingordninga.-
– Gjennom oppsøkande verksemd til bedrifter, skal Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane hjelpe og assistere bedriftene til å finne rette kompetansemiljø som kan hjelpe dei med deira konkrete problemstilling, og dei kan også få assistanse i utvikling av prosjektet vidare. På den måten kan vi avlaste travle bedriftsleiarar seier Hovland.
Det konkrete arbeidet med VRI i Sogn og Fjordane vil også i tida framover gå føre seg i fleire parallelle prosessar.
Vestlandsforsking og Høgskulen er i gang med forskingsprosjektet VRI – Innovation in rural places, som skal forstå innovasjonssystemet i ein rural region som Sogn og Fjordane. Ei av hypotesane bak prosjektet er at dette innovasjonssystemet vil vere langt frå perfekt, og at det vil vere viktig å kome med innspel til avgjerdstakarar og politikarar om korleis innovasjonssystemet kan utviklast vidare.
– Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane er etablert nettopp for å utvikle samarbeidet i grensesnittet mellom regionale utviklingsaktørar, forskingsmiljøa og bedriftene i fylket, avsluttar Hovland.
Les meir:
VRI Sogn og Fjordane
VRI – Innovation in rural places (forskingsprosjektet)
Forskingsrådet: VRI
Kontaktperson Kunnskapsparken:
Jøril Hovland, prosjektleiar
joeril@kpsf.no
Tlf. 48 21 97 80