Skapar meir mental robustheit på jobb med kunstig intelligens

Gro Mykkeltvedt er gründer med brei erfaring frå utvikling av leiarprogram organisasjonsutvikling, i tillegg til leiarforsking. Med sitt nye HR-verktøy vonar ho å gjere tryggleik til eit felles mål i bedrifter. Foto: Studio1 Fotogra

Frå Vik utviklar Gro Mykkeltvedt eit digitalt verktøy som kan gi bedrifter optimal samhandling og effektivitet med trening i psykologisk tryggheit.

Produktet heiter Dialead Coach og er eit verktøy som skal fremje psykologisk tryggleik for å oppnå betre kultur og samhandling.

– Vi vil rett og slett skape meir glede og entusiasme på arbeidsplassen, forklarer Mykkeltvedt.

Ved hjelp av kunstig intelligens kan leiarar og tilsette
måle og følgje utviklinga frå parameter som samhandling, kommunikasjon, arbeidsmiljø, arbeidsglede, motivasjon og kultur. Å følgje førehandsvalte parameterar i sanntid gjer det mogleg å vere i framkant med naudsynte tiltak.

– Gevinstane for bedrifta er redusert sjukefråvær, meir tillit og høgre truverd som organisasjon, utdjupar ho.

Tok u-sving då koronaen kom

Den erfarne prosessleiaren var godt i gang med å arrangere eit leiarutviklingsprogram for kvinner. Gjennom ein anbodskonkurranse i regi av Innovasjon Noreg hadde ho fått i oppdrag å auke leiarskapet mellom kvinner i Vestland.

Alt gjekk etter planen, før covid-19 stengde landet.

– Eg rettleia om lag 100 kvinner med individuelle utviklingsplanar då koronpandemien satt ein brå stoggar for alle planlagde møtepunkt. Fleire kontakta meg med spørsmål om vidare oppfølging, men eg hadde ikkje noko godt svar å gi, forklarer ho.

Frå sofaen i Vik byrja ho straks å leite etter alternative måtar å følgje opp deltakarane på. I mangel på gode verktøy å vise til, tok ho saka i eigne hender.

Stiller med sterkt team

Tankane kverna i nokre veker, før ballen for alvor byrja å rulle.

Med eit solid team i ryggen, er ho i dag ein del av Kunnskapsparken Vestland sitt inkubatorprogram. Ho har også signert innovasjonskontrakt med Innovasjon Norge. Gjennom Dialead Coach vil Mykkeltvedt gi leiarar eit digitalt samhandlingsverktøy i arbeidet med kultur.

– Kontaktane mine i Kunnskapsparken har vore uunnverlege, både når det kjem til innhenting av kapital og nettverksbygging. Hilde Grinde har vore ein kjempegod sparringspartner i heile søknadsprosessen, eg har fått utruleg god hjelp, rosar Mykkeltvedt.

Kjensler møter teknologi

Å putte mjuke verdiar inn i digitale verktøy er ikkje nødvendigvis beint fram.

– Gjennom tett samarbeidet med teknologar opplever eg at vi har kome fram til ei felles forståing av kva idear og tankar som ligg til grunn. Dette er heilt avgjerande. Målet er at det skal bli ein applikasjon som leiarane ser nytte og glede av å bruke, forklarer Mykkeltvedt.

Etter planen går dei første kundane inn i ein testfase allereie til hausten.

– Vi har fått med oss solide kundar og då blant anna Volvat, Helse Førde og Ulvik Herad. I tillegg er vi i dialog med det Norske Forsvar, Institutt for Militærpsykiatri og Stressmestring ved seniorforsker Major Haakon Engen, om utvikling av Dialead Coach med henblikk på å implementere denne som eit ledd i eit heilheitleg treningsopplegg for mental robusthet for Forsvarets ledere, mannskap og vetereaner. Med både offentlege og private aktørar om bord ser me fram til å teste og utvikle produktet ytterlegare. Håpet er at vi allereie vinteren 2023 skal ha eit produkt på marknaden, samstundes som piloten held fram ut 2023.