Hels på Ella og Lea – våre nye traineear
Kunnskapsparken Vestland har i haust styrka laget med to dyktige traineear gjennom Framtidsfylket sitt Trainee-program. Bli kjent med damene som skal gjere oss enda betre på sirkulærøkonomi, berekraft og entreprenørskap.
– Etter nokre dagar med introduksjon byrjar eg å forstå meir av kva Kunnskapsparken driv med, og gler meg berre enda meir til å ta del i prosjekta. Eg får også inntrykk av at det er mykje driv i vestlandsfolk - det er kult!
Slik summerer Lea Myklebust (28) opp dei første dagane hjå Kunnskapsparken Vestland.
- Aldri vore i Sogndal før
Med ein bachelor i økologi og naturforvaltning og ein master i Industriell økologi i bagasjen, lot trønderen seg lokke til Sogndal av traineestillinga i Kunnskapsparken.
– Stillingsannonsen nemnte både sirkulærøkonomi og grøn omstilling, som er områder eg ønskjer å jobben innan. Vidare tykte eg det høyrdest spennande ut å få moglegheit til å jobbe med fleire forskjellige bedrifter, forklarer Myklebust.
Ho får selskap av Ella Dammann Anker, som med sin bachelor i Entreprenørskap, er klar til å ta fatt på nye utfordringar.
– Eg hadde aldri vore i Sogndal før eg flytta hit og kjente ingen her. Det har gjort det enda meir spennande, fortel Anker.
Får teste kunnskap i praksis
Med ønskje om å oppleve noko nytt, og samstundes utvikle karriera gjennom ein spennande og relevant jobb, blei traineestillinga hjå Kunnskapsparken eit naturleg val vidare.
– Eg håpar det vil styrkje meg i rolla som forretningsutviklar, og dessutan lære meir om startups og bedrifter i praksis. Det blir også spennande å kunne bruke kunnskapen eg har lært gjennom Entreprenørskap på BI i praksis.
Også ho har fått ein god start.
– Førsteinntrykket er veldig bra! Alle er veldig hyggjelege her, folk smiler og helsar i gangane. Eg har også fått tildelt spennande arbeidsoppgåver som eg gler meg til å setje i gong med.
– Viktig påfyll av kunnskap
Dagleg leiar i Kunnskapsparken, Kjetil Kvåle, seier dei har gode erfaringar med traineeordninga.
– Vi hadde mange gode søkjarar i år. Valet falt på Ella og Lea då dei hadde relevante bakgrunnar, gode søknader og leverte solide intervju. Så langt vil eg seie me har gjort gode val, fortel Kvåle.
- Kva blir deira viktigaste bidrag inn mot Kunnskapsparken det neste året?
– Påfyll av fersk kunnskap er viktig for dei fleste bedrifter. I vårt kollegium erfarer vi ein ekstra driv når unge, kunnskapsrike kollegaer deler av sin kunnskap. Begge vil i traineeperioden ha sentrale oppgåver i Kunnskapsparken sin inkubator, samt utvikling av spisskompetanse innan grøn omstilling i arbeids- og næringslivet, seier Kvåle.
Gler seg til å utforske Sogn
Både Ella og Lea ser fram til å utforske kva meir Sogn har å by på.
– Eg likar å vere aktiv og er glad i å både stå og gå på ski. Det blir kjekt å teste ut her i Sogndal, fortel Anker.
Også Myklebust ser fram til å utforske den vestnorske naturen.
– Eg var oppe på Flatbrehytta dagen før jobbstart, det ga meirsmak (og mjølkesyre). Elles så gler eg meg til konserten med VREID og Audrey Horne på Meieriet og til Riksteateret kjem til Sogndal.
Ønskjer du å komme i kontakt med Ella eller Lea?
Kontakt dei på ella@kpvest.no eller lea@kpvest.no
Vil du vite meir om Trainee-programmet til Framtidsfylket, så finn du meir informasjon her.