Samling med innovasjonsnettverk på Vestlandet
Kunnskapsparken er på samling i Hardanger, for å bli betre kjend med innovasjonsnettverket «Inunet Hordaland».
Inunet Hordaland er eit innovasjonsnettverk som består av fem næringshagar, tre inkubatorar, Impact Hub Bergen, Innovasjon Norge Hordaland og Hordaland fylkeskommune. Bergen Teknologioverføring er prosjektleiar for nettverket og har invitert med «kollegaer» frå Sogn og Fjordane til felles samling i Hardanger 13.-14. mars.
På samlinga blir vi betre kjende, har erfaringsutveksling samt vi har workshops forretningsrådgivningsverktøy og digitaliseringsprogram.
Dette er eit nettverk som skal:
Bidra til erfaringsutveksling mellom innovasjonsmiljøa lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
Auke kjennskapen og samhandlinga mellom programma i regionen og kople programma tettare saman (klynge-, inkubator- og næringshageprogramma). Også på tvers av fylkesgrensene.
Dei som er på samlinga:
Frå Sogn og Fjordane: Næringshagane i Nordfjord (Stryn og Nordfjordeid), Sognefjorden Næringshage, Gulen og Masfjorden Næringshage, Aksello og Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.
Frå Hordaland: BTO/Nyskapingsparken, Industriutvikling Vest, Næringshagen i Hardanger, Odda Næringshage, Næringshagen på Voss, Innovasjon Norge Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Atheno og SIVA.