Fylkeskommunen gir støtte til nytt innovasjonsprogram ved HVL
Målet er å fremje ein kultur for innovasjon og entreprenørskap blant studentane ved Høgskulen på Vestlandet.
Programmet er ei treårig satsing, der hovudmålet er å etablere ein robust struktur for å fremje innovasjons- og entreprenørskapskultur blant studentane ved HVL.
– Programmet skal hjelpe til å utvikle ferdigheitar og metodar som gjer at studentar kan gå inn i arbeidslivet og bidra til innovasjon når dei er ferdig utdanna, seier Roger Ulvestad forretningsutviklar ved Kunnskapsparken.
Programmet har ei brei tilnærming til entreprenørskap og rettar seg mot alle studentar ved HVL. Det skal òg vere relevant for dei som ikkje tenkjer å utvikle nye bedrifter.
– Ein sjukepleierstudent som har ynskje om å utøve profesjonen sin vil med auka kompetanse om innovasjon, vere betre rusta for å bidra i omstillingsprosessar og utvikling på arbeidsplassen. Vi ynskjer auka innovasjon i regionen vår, og då er det viktig å begynne med dei som skal bli være nye arbeidstakarar, fortel Ulvestad.
Dette er eit samarbeidet mellom Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling i Bergen og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, og har fleire positive sider:
Eit sosialt og aktivt tiltak som knyter dei ulike fakulteta ved HVL saman.
Fylkeskommunane støtter eit felles prosjekt på tvers av fylkesgrenser.
Programmet i heilskap kan resultere i idear som kan vere med å utvikle offentlege og private organisasjonar.
Dette er ikkje skrivebordsøvingar, men praktiske øvingar som kan vere med å auke attraktiviteten på studia.
Programmet er framleis ikkje fullfinansiert, og samarbeidspartane søkjer meir støtte for å gjennomføre programmet i full skala.