Rask Oppstart - Eit nytt tilbod til gründerar og oppstartsbedrifter

Vi i Kunnskapsparken Vestland ønskjer å hjelpe deg raskare ut på marknaden med produktet eller ideen din.

– Vi ser at mange bruker mykje tid i startfasen på å utvikle produktet eller tenesta, og kanskje litt for liten tid på å finne rett kundesegment og definere behov. Det kan fort bli ei kostbar reise om ein ikkje treff planken når ein skal ut å selje. Vi ønsker difor å gi gründerar ein god starthjelp slik at ein både sparer tid og ressurser ved å halde fokus på dei rette tinga, fortel Hilde Grinde, forretningsutviklar i kunnskapsparken.

Programmet heiter «Rask Oppstart» og skal hjelpe bedrifter å komme raskare ut på marknaden. I løpet av fire samlingar og ein-til-ein oppfølging, vil du få råd og rettleiing til korleis du raskt og smidig kan realisere ideen din.

– Du vil også møte andre gründerar. Tilbakemeldingane vi får er at det er veldig verdifullt med eit godt nettverk i tidleg fase. Både for å utveksle erfaringar og idear, utdjuper Grinde.

Startar opp i desember

Programmet går over tre månader og består av fire samlingar, med ein-til-ein-oppfølging mellom samlingane.

– Dei fysiske samlingane vil i utgangspunktet finne stad på Skei, men dette kan vi endre om det er eit ønskje frå deltakarane. Første samling er satt til 10. desember.

– Vi håpar mange nytter seg av dette tilbodet, som er ganske unikt. Det er gratis for deltakarane, då programmet er finansiert av Kunnskapsparken Vestland, SIVA og Vestland Fylkeskommune, legg Grinde til.

Det er 10 plassar på kurset med fortløpande opptak. For å bli vurdert som aktuell, må du fylle ut eit søknadsskjema og fortelle om din idé.

>> Les meir om programmet og finn søknadsskjema her.

Gasta Designkurs/arrangement