Korleis har Eduplaytion klart å lande ein emisjon på 30 millionar?

Pedagog i Numetry Håvard Tjora og Kristoffer H. Engebø, gründer og dagleg leiar. Foto: Eduplaytion.

Pedagog i Numetry Håvard Tjora og Kristoffer H. Engebø, gründer og dagleg leiar. Foto: Eduplaytion.

– Det er mange som lurer på korleis det er mogleg, å få med investorar i eit selskap som ikkje har inntening. Eg trur det handlar om ein ting, fortel Kristoffer H. Engebø.

Gründeren starta Eduplaytion i 2018, etter sjølv å ha erfart at det er mange elevar som slit med mattematikk. Han ville hjelpe dei å lære betre, ved å utvikle eit digitalt alternativ til skuleboka

Selskapets første produkt er mattespelet Numetry, eit spel som er nytta av over 80.000 elevar i Noreg. Eduplaytion har vekse til eit team på nærmare 30 personar i fleire land og har internasjonale ambisjonar.

Andre emisjon i 2021

I januar i år måtte dei «takke nei» til 20 millionar kronar då dei fekk tilbod om meir pengar enn dei ønskja på det tidspunktet.  

– Prisen på selskapet var nok noko låg, så vi ønskja ikkje å hente inn meir enn vi trong i den runden. Difor valte vi å stoppe på ni millionar og heller køyre ein ny emisjon no i haust, då vi hadde kome litt lengre med utviklings- og marknadsarbeidet, og prisen på selskapet var høgare, forklarar Engebø.

Også denne gangen måtte Eduplaytion sei stopp, no på 30 millionar kroner.

– Vi må vokse i riktig tempo. Difor ønskjer vi heller å ha ein ny runde når vi har komen eit steg vidare, legg han til.

Både nye og eksisterande eigarar bidrog til emisjonen, deriblant Fagbokforlaget, tidlegare Opera-styreleiar Christian Thommesen, investeringsselskapet Melesio, Adolfsen-brødrane og Peak Venture.

– Det er veldig gledelig når ein av våre tidlegare inkubatorbedrifter presterer slik som Eduplaytion gjør, fortel Hilde Grinde, forretningsutviklar i Kunnskapsparken Vestland.

Hun legg vekt på at dei, gjennom å utvikle spelet saman med skuleelevar og pedagogar, har treft godt på behov. I tillegg har dei klart å lage eit spel som skapar meistring, glede og læring.

Handlar om éin ting

Engebø fortel at mange lurar på korleis det er mogleg å hanke inn investorar til eit selskap som enda ikkje kan vise til inntening.

– Alt handlar om god kommunikasjon. Om å få investorar, framtidige tilsette og kundar til å forstå kva du faktisk leverer. Du må fortelje ei historie og selje inn ei framtidsutsikt som folk kjøper. Eksempelvis opplever eg at mange gründerpitcher er for vage og omfattande, noko som gjer at lesar ikkje sit igjen med ei klar forståing på kva eksakt denne bedrifta ønskjer å løyse, marknadsutsiktene og ikkje minst: kva som gjer at akkurat denne bedrifta skal lukkast. 

Kristoffer meiner det er då investorane ser verdien i å legge pengane på bordet, når du kan presentere kva du driv med, og korleis du skal komme dit du ønskjer.

– Klarar du å vise at bare ein gjer slik og slik, så aukar verdien. Då har du investorane interesserte. Men du må klare å vise det på ein god og truverdig måte, fortel Engebø.

Eduplaytion har mellom anna brukt mykje tid på å lage investorpresentasjonar i videoformat, som forklarer selskapet og utviklinga på ein god og spennande måte. Ein ny video til kvar emisjon, som dei har distribuert godt.

­– Det har hjelpt oss veldig, legg han til.

Støtte tidleg på vegen

Kunnskapsparken Vestland har bidrege gjennom sitt SIVA-støtta gründerprogram og gjekk også tidleg inn med finansiell støtte og eigarskap gjennom presåkorn-fondet sitt, Sogn og Fjordane Fondet. I tillegg har Eduplaytion fått støtte frå Sparebanken Vest sitt næringsfond i ein tidleg fase. 

– Vi er oppteken av å kunne hjelpe oppstartsbedrifter til å komme i gang på rett måte og hjelpe dei å finne midlar i ein tidleg fase. Dette er eit kritisk tidspunkt for mange gründerar. Då er det ekstra gledeleg å sjå at midlane fondet vårt gjekk inn med i 2019, har vore med å hjelpe fram ein bedrift som i dag er verdsatt til 125 millionar. Vi gler oss veldig til å følgje med selskapet vidare, fortel Grinde.

Dette er hjelp Engebø set stor pris på.

– Det var heilt klart bidragsytande til at Eduplaytion fekk stabilisert skuta gjennom oppstartens røffe sjø. Presåkorn-midlane frå Kunnskapsparken Vestland sitt fond bidrog til å ta ned risikoen for dei tidlege investorane. Å få mildar frå SPV-fondet var òg ei anerkjenning, noko som gjorde til at ein tok fatt på seglasen vidare med ny vind i segla og iver.

God arbeidsro

Med 30 nye millionar, har Eduplaytion fått moglegheita til å utvikle produktet vidare og hjelpe enda fleire elevar.

– Dette er midlar som skal vare til første halvdel av 2023. 30 millionar er ikkje så mykje i EdTech-bransjen, det kostar med spelutvikling. Men vi får god arbeidsro til å jobbe slik vi ønskjer nå. Dette vil få produktet opp på eit nytt nivå. Så har vi ambisjonar om å gå internasjonalt med produktet. Men vi tar utviklinga steg for steg, seier Engebø.

Nymetry er eit mattespel - eit digitalt alternativ til skuleboka.

Nymetry er nytta av over 80.000 elevar i Noreg.