Investorar med sterk tru på vasskraftutbygging

Kristin Linnerud. Foto: Cicero

Kristin Linnerud. Foto: Cicero

Ei større spørjeundersøking i utført av Cicero syner at investorar i kraftbransjen trur 15 THw kan byggast ut innan 2020.

Undersøkinga er utført som ein del av forskingsprosjektetet «Fornybar energi, innovasjon og regionalutvikling», som er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken.

Investorane har vurdert prosjekt tilsvarande 72 prosent av det potensielle produksjonsvolumet som «meget» eller «ganske sannsynlig» gjennomført innen utgangen av 2020, skriv tu.no

– Litt røft kan ein seie at næringa sjølv meiner at 15 TWh vasskraft har stor eller ganske stor sannsynligheit for å verte realisert, sier senior­forsker Kristin Linnerud ved Cicero til TU.no

I åra fram mot 2020 har Noreg forplikta seg til å produsere 20 % meir fornybar energi enn det tilfellet er i dag. Samstundes skal ein redusere utslepp og forbruk like mykje. Dette er resultatet av eit norsk-svensk avtalesamarbeid i høve grøne elsertifikat, og forskinga på Campus skal vere med på å sikre at dette målet vert nådd.

På Campus Fosshaugane er fleire aktørar involvert: Kunnskapsparken, HSF og Vestlandsforsking. P.h.D professor Erling Holden leiar hovudprogrammet, og har med seg forskar Parmita Saha og ph.d-stipendiatane Ole Inge Gjerald, Hans Jakob Walnum, Bente Johnsen Rygg, Geoffrey Gilpin og Tyson Weaver, samt dekan Helge Hustveit. Kristin Linnerud, seniorforskar i CICERO, er leiar av delprosjektet retta mot kraftsektoren.

Sjå også:

– Kraftig forsking på Campus (kpsf.no)

– Tror på 15TWh ny norsk vannkraft (hisf.no)

Kontaktperson hjå Kunnskapsparken:

Roger Ulvestad, Prosjektleiar. roger@kpsf.no / 93 81 73 36

Forskingsprosjektet er mellom anna finansiert med hjelp av INU-midlar, som skal bidra til utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for innovasjonsbasert verdiskaping. Målet er å stimulere til utvikling, nyskaping og auka kompetanse/næringsverksemd. Les meir om dette på NHO sine nettsider.