Vasskraftforsking frå Sogn og Fjordane får internasjonal merksemd
Ny rapport frå HiSF og Cicero teiknar eit optimistisk bilde for planlagt vasskraftutbygging i Noreg generelt og Sogn og Fjordane spesielt.
Arbeidet med forskingsapporten «Ny vannkraft innen 2020 – potensiale og barrierer» har vore leia av Kristin Linnerud (Cicero) og Professor Erling Holden (HiSF/NTNU), og er ein viktig del av det INU-finansierte forskingsprosjektet «Fornybar energi, innovasjon og regional utvikling» (2011-2014).
No får dette arbeidet stor merksemd, både internasjonalt, nasjonalt og regionalt.
I februar fekk undersøkinga som dannar grunnlag for rapporten, redaksjonell merksemd hjå nyheitsbyrået Bloomberg, ein økonomi- og finansnettstad med mange millionar besøkande kvar månad.
Også norsk fagpresse syner stor interesse, mellom andre magasinet Teknisk Ukeblad.
I rapporten kjem det fram at investorane trur 65 % av all ny produksjon frå planlagte vasskraftprosjekt vil bli realisert innan 2020. Dette svarer til 13 TWh eller 10% av kraftproduksjonen i dag.
Noreg og Sverige skal ifølgje Elsertifikatlova (2011) innan utgangen av 2020 ha sett i produksjon 26,4 TWh kraftproduksjon frå fornybare kjelder.
Det er per i dag kring 20 TWh vasskraft under planlegging, og av dette er halvparten planlagt i tre fylke: Sogn og Fjordane (20 %), Hordaland (17 %) og Nordland (14 %).
I mars presenterte Linnerud rapporten på Energi Norge sin produksjonstekniske konferanse 2013 – den største møteplassen for aktørane i norsk kraftproduksjon. Rapporten blir også presentert av Holden på NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse 20. mars, samt på Fylkestinget i april.
Forskingsprosjektet «Fornybar energi, innovasjon og regionalutvikling», er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken. Forskingsprosjektet er finansiert med hjelp av INU-midlar, som skal bidra til utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for innovasjonsbasert verdiskaping. Målet er å stimulere til utvikling, nyskaping og auka kompetanse/næringsverksemd. Les meir om dette på NHO sine nettsider.
Kontaktperson hjå Kunnskapsparken: Roger Ulvestad, Prosjektleiar. roger@kpsf.no / 93 81 73 36