Fjellpitch 14. september 2021 - Sikre deg plass no
Kunnskapsparken Vestland og Sogn Næring inviterer bedrifter og gründerar til Fjellpitch-dag!
Saman med Eigargruppa Campus, HVL Skape og Teknoløft byr vi på ein innhaldsrik dag der du får møte bedrifter som har opplevd eventyrleg vekst, søkt seg mot ein umoden marknad og som har utfordra etablerte forretningsmodellar. I tillegg så vil günderar få mulegheit til å pitche ideane sine for ein jury som vil kåre vinnaren av ein premie til ein verdi av kr. 50 000,-. Fjellpitch sitt eige ekspert-team vil også kunne gje gründerane gode råd på vegen mot realisering av forretningsideen.
Pris for deltaking er kr. 350,- og inkluderer inspirerande og spanande foredrag, kaffi/te og varm lunsj. Studenter får 50% rabatt. Betaling ved ankomst.
Tid og stad:
Fjellpitchen blir arrangert på Quality Hotel Sogndal den 14.september kl.9 – 15.
Registreringa opnar kl. 08:30.
Pris for deltaking er kr. 350,- og inkluderer kaffe/te og varm lunsj. Studentar får 50% rabatt.
Deltakarar til pitchekonkurransen deltek gratis.
Frist for påmelding til sjølve arrangementet er 12.september. Påmeldinga er bindande.
Søknad om deltaking til pitchekonkurransen skjer fortløpande med siste frist 9.september-21.
PS! Alle som får delta på pitchekonkurransen vil få muligheit til kyndig rettleiing til utforming av pitch i veka før Fjellpitch.
Premiar:
Beste pitchar vinn ein premie til ein verdi av kr. 50 000,-.
Premien inneheld ein rådgjevingspakke, kontorplass på FUS og pengar.
Deltakarar i pitchekonkurransen vil få møte eit ekspertteam for å få gode råd på vegen vidare.