Vekstprogram 2022

Dette er eit program der du vil få “hjelp til sjølvhjelp” for å utvikle ein strategi og plan for å nå selskapet sine målsettingar.

Dersom ditt selskap må eller ynskjer å omstille seg, eller selskapet har nye ambisjonar, så er dette programmet relevant.

Gjennom 4 halvdagsmodular og 1:1 oppfølging hjelper vi bedrifter med å ta val, og gripe dei moglegheitene som finns. Vi vil også sjå på korleis ein kan implementere ein god plan og korleis vi kan betre våre salsresultat. Fyrste samling er 17.november.

Som deltakar vil du få kunnskap om dei nyaste metodane og tilgang til enkle verktøy som du kan nytte i eiga verksemd. Du får oppfølging og rådgjeving, og kan diskutere dine moglegheiter og utfordringar med dei andre deltakarane.

MÅLGRUPPE: Dagleg leiar, leiing, styremedlem og forretningsutviklarar.
Tal selskap: Det vil bli lagt opp til at 9-10 selskap er med.
Tal deltakarar frå kvart selskap: Det må være minst to frå kvart selskap som er med (ta gjerne med styremedlemmer).

MALAR OG VERKTØY: Til kvar modul vil det bli utdelt malar og verktøy som du sjølv kan nytte med tilsette, leiing, styre og eigarar. Verktøya skapar underlag for å ta kvalifiserte avgjersler.

KOSTNAD: kr 9.500 eigenandel pr. selskap.

Innhald

 

Modul 1: Sett mål

Vi startar med å definere dagens forretningsidé og forretningsmodell. Vi skal analysere trendar og drivkrefter i omgjevnadene som påverkar og gir moglegheiter for vår verksemd. Vi formulerer strategisk hovudutfordring; kva er dei største utfordringane som ein framtidig strategi må løyse?

Modul 2: Gjer nokre val

Gjennomgang av ulike vekst-strategiar og kva alternativ vi har. Vi designar ny forretningsidé og forretningsmodell basert på no-situasjon, trendar og valt vekststrategi.

Modul 3: Gjennomføring

Ferdigstille handlingsplan for å iverksette strategien. Vi ser på korleis ein bør arbeide strukturert og kontinuerleg med vekst. Vi tek for oss korleis utøve endringsleiing og skape prestasjonskultur.

Modul 4: Selg meir

Vi ser på trendar i sal som påverkar oss. Vi tek for oss utvikling av salsstrategi og målstyrt sal.

Modul 5: Gjer endringar

Kva betyr endringsvilje og endringevne, og korleis kan ein designe ei endringsdyktig verksemd? Korleis kan vi påverke “slik gjer vi det hjå oss” slik at vi kan bli meir endringsvillig.

Modul 6: Håndter urolege tider

Korleis kan vi levere varer/tenester til kunden, når store deler av vår næring er mellombels stogga opp? Kva moglegheiter har vi juridisk for å endre ulike avtalar slik som tilsettingsavtalar, kjøpsavtalar, salsavtaler og driftsavtalar? Korleis kommunisere med tilsette, kundar, leverandørar og partnarar når det er stor grad av usikkerheit og uroligheit?

kpv-blue2.png

Gjennomføring

 

Sted: Skei, Thon Hotel Jølster (kan endrast etter ynskje)

  • Samling 1: torsdag 17. november frå kl. 12:00 til kl. 19:00 (inkludert middag)

  • Samling 2: fredag 18. november frå kl. 08:00 til kl. 12:00

  • Samling 3: torsdag 8. desember frå kl. 12:00 til kl. 19:00 (inkludert middag)

  • Samling 4: fredag 9. desember frå kl 08:00 til kl. 12:00

Format:

4 halvdagsmodular + 1:1 oppfølging i forkant, mellom og i etterkant av modulane.

Dette seier tidlegare deltakarar:

 
 
Vekstprogrammet i regi av Kunnskapsparken var effektivt og til god nytte i vårt arbeid med ny vekststrategi.
— Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.
 
 
 
Me har hatt stor nytte av vekstprogrammet, me jobbar mykje meir målretta med strategi no enn før. Me har ein raud tråd som me brukar når me kjem i situasjonar der me må ta strategiske val.
— Dag Loftesnes, dagleg leiar i Nordbohus
 
 
 
Vi vart fenga av innholdet, kompetansen og det i ein opplevelse saman med andre lokale bedrifter. Alt i alt skaper det en ny giv for sjå på eigen bedriftsstruktur og måter å jobbe på. Vi opplever at vårt behov for rådgivning blir håndtert både ryddig og profesjonelt og ser fram til ytterlegare samarbeid på planlagte aktiviteter framover med Kunnskapsparken Vestland.
— Åge Johnny Kalstad, dagleg Leiar i Hoff og Knutson Transport AS.
 
kpv-profilfarge-lysgra.jpg

Påmelding

Er du nysgjerrig på om dette er noko for di bedrift? Vi gjennomfører eit kort nettmøte 28.oktober kl 13 der vi går gjennom programmets innhald og du kan få svar på dine spørsmål.

Meld deg på nettmøte for meir informasjon og/eller på vekstprogrammet.

 

Kontakt oss for meir informasjon:

 

Arrangørar: