Korleis kome i gang med smarte, sirkulære løysingar
i di produksjonsbedrift?
Onsdag den 12. februar inviterer vi til fagdag i Stryn om temaet endring, digitalisering, og grøn omstilling for produksjonsbedrifter.
Norsk industri er i gang med storstilt omstilling, og Sogn og Fjordane skal vere med på laget.
Gjennom prosjektet SmartSirk (Smarte Fabrikker og Sirkulære Produkt) er Nordfjord-bedriftene West Mekan og Brødrene Aa i gang med å tenkje nytt, både rundt produktdesign, produksjonsprosess og forretningsmodell.
Vi vil dele kunnskap og erfaringar frå prosjektet med fleire bedrifter i regionen, og inviterer difor til fagdag!
Gjennom dagen vil vi mellom anna:
lære om korleis ein går frå idéen om endring til å sette i gang endringsprosessen,
høyre om prosjekta til Brødrene Aa og West Mekan,
lære om kva mulegheiter som fins innafor digitalisering og robotisering,
få tips om korleis bedrifta di kan få hjelp til å finne både kompetanse og økonomisk stønad til endrings- og utviklingsprosjekt.
bli med på omvising i produksjonslokala til Nomek.
prate med fagekspertar og representantar frå andre bedrifter i regionen.
Program:
Intro og velkommen
Sirkulærøkonomi og norsk produksjonsindustri, v/ Lea Myklebust, Kunnskapsparken Vestland
Om SmartSirk-prosjektet, v/ Odd Myklebust, SINTEF
Korleis starte arbeidet for endring, v/ Emrah, SINTEF
Brødrene Aa sitt case i SmartSirk v/ Lars Endre Gimmestad, Brødrene Aa
Teknologi: mulegheiter innafor tagging/sensorering, instrumentering, og bruk av innsamla data, v/ Endre Sølvberg, SINTEF
Mulegheiter i nye forretningsmodellar, v/ Håkon Raabe, SINTEF
West Mekan sitt case i SmartSirk
Mulegheiter i automatisering og robotisering, v/ Chiara Zarna, SINTEF
Støtteordningar for utviklingsprosjekt, v/ Jøril Hovland, Kunnskapsparken Vestland
Kort intro om Nomek, v/ Jon-Rune Heimlid, Nomek
Spørsmål og sparring
Omvisning hos Nomek
Praktisk info:
Kor: Stryn
Når: Onsdag den 12. februar, kl. 09:30-15.
Påmelding nederst på sida.
Det blir servert lunsj.
Om SmartSirk
SmartSirk (Smarte fabrikker og sirkulære produkt) er eit “Grøn plattform-prosjekt” med 12 bedrifter i prosjektgruppa, derav 4 industri-case-bedrifter (to i Nordfjord og to på Jæren), to forskingsinstitusjonar (Sintef og SNF), to næringslivsbedrifter (inkludert oss i Kunnskapsparken Vestland), samt tre teknologibedrifter og katapulten MTNC.
Les meir om prosjektet her: 55 millionar til sirkulære løysingar i norsk produksjonsindustri!.
Og på heimesida til prosjektet: SmartSirk.no
Påmelding:
Påmelding innan fredag 7. februar.