VirtualHouse i Nordfjordeid
Kor er bedrifta i dag?
Vi er i ferd med å rigge eit innovasjonsprosjekt med nokon av dei største aktørane i norsk byggenæring. Då vi starta hadde vi eit stort spørsmål om det er behov for løysinga vi vurderte å tilby. Dette har vi fått grundig stadfesta at det er.
Kva rolle har Kunnskapsparken hatt?
Kontakt mot IN, rettleiing på søknadar. Gründernettverk. Kurs. Sparring og mental støtte, særleg i tidleg fase med solo gründer. Investornettverk. Tilgang til spesialistar ved behov; erfarne forretningsutviklarar og juristar.
Største opptur?
At nokon av dei største aktørane i norsk byggenæring vil samarbeide med oss og bli med på eit utviklingsløp og samarbeid som strekker seg utover innovasjonsprosjektet.
Status om eit år?
Då er vi midt i innovasjonsprosjektet.