Kva skjedde med Eduplaytion?
25 prosent av norske elevar i 4.-7. klasse nyttar mattespelet dei har utvikla.
Lokasjon: Bergen, Naustdal
Tilsette: 21
Etablert: 2018
Inkubatorbedrift: 2018-2019
KPV si rolle: Kontorplass på Peak Sunnfjord, rettleiing av forretningsutviklarar og gode sparringspartnarar, søknadsprosess kapital. KPV inne på eigarsida (Sogn og Fjordane-fondet).
– Når timingen er riktig, har selskapet internasjonale ambisjonar. Men først og fremst ønskjer vi å skunde oss sakte, og verkeleg vise at vi har greidd å penetrere den norske marknaden og fått alle barnesjukdomane opp i lyset, fortel Kristoffer H. Engebø, gründer og dagleg leiar.
I perioden 2016–2018 var Engebø lærar ved fleire skular, blant anna ein barneskule i Naustdal. Der erfarte at mange sleit med matematikken. Han ville hjelpe dei å lære betre, ved å utvikle eit digitalt alternativ til skuleboka.
Kristoffer H. Engebø er gründer og dagleg leiar i Eduplaytion som har utvikla mattespelet Numetry. Spelet har i dag 55.000 elevar i 4.-7. klasse.
I dag har han samla eit team på over 20 personar i fleire land, som jobbar med hovudproduktet deira: mattespelet Numetry. Dei har fått fleire investorar med og måtte i vår «takke nei» til 20 millionar kroner, då prisen for selskapet enda var for låg i deira auge.
– Vi må vekse i riktig tempo. Nå har vi rigga oss bra i alle ledd og har ei straumlinjeforma utvikling av produktet. Det gjer at vi kan ta konseptet ut av Noreg og legge inn innhald etter læreplan og språk i andre land. Det gjer òg at vi er klar for ein ny og større emisjon, fortel Engebø.
Han fortel at det er motiverande å vite at dei er på veg til å lykkast. Eduplaytion lanserte betaversjonen av Numetry i januar, og i dag teller dei 55.000 skuleelevar som brukarar, altså 25 prosent av alle elevar på 4.-7. trinn i Noreg.
– I staden for å gi elevar klassiske oppgåver i lærebøkene, sender Numetry elevane oppdrag i det ytre rom. Dei må vere med å løyse oppdraga for å kome vidare og vinne noko. Slik blir læreplanen omgjort til ein samling av mange oppdrag med ulike nivå. Eit oppdrag kan til dømes vere å finne volum av ein sirkel, ved at ein treng å berekne riktig mengde drivstoff til eit romskip, forklarar gründeren.
– Det er tydeleg at dette er eit produkt marknaden treng og at tidspunktet for Edtech er riktig, legg han til.