VirtualHouse har fått stønad til forskingsprosjekt

VirtualHouse: Jon Olav Aurdal, CFO og styreleiar og Gjermund Tomasgard, dagleg leiar og gründer.

Gründeren lurte på om problemstillingane dei hadde var eigna for forsking, og fekk napp hos Universitetet i Bergen.

VirtualHouse er ei gründerbedrift frå Nordfjordeid, med to tilsette. Dei hjelper  byggenæringa med å få tekniske anlegg i næringsbygg til å fungere betre saman - allereie før bygget er bygd.

– Ved å bruke vår teknologi til å sikre at det er samsvar mellom byggherren sine krav, prosjektering og utføring innan tekniske fag før entreprenørane får tilgang til bygget, bidreg vi til ein tryggare og meir oversiktleg byggeprosess. Det vil igjen vere langt meir berekraftig og kostnadseffektivt for byggeigaren og involverte i prosjekta, forklarer Gjermund Tomasgard, dagleg leiar og gründer av VirtualHouse.

Treng å dokumentere påstandar

Verksemda vart etablert i 2018 og har komen godt på veg med å utvikle sin eigen simuleringsteknologi. Til utviklinga har dei har fått stønad frå både Forskingsrådet, SIVA, Innovasjon Noreg og Sparebanken Vest sitt næringsfond.

– Utfordringa er å kvantifisere påstandane deira. At deira produkt vil løyse eit stort problem, er ikkje folk i næringa i tvil om. Men det er eit komplekst og samansett felt så kor stort problemet er, og kor store innteningar ein kan gjere ved å nytte deira produkt, er ikkje så lett å sjå, forklarar Jøril Hovland i Kunnskapsparken Vestland.

– Difor sette vi VirtualHouse i kontakt med kompetansemeklar, Øyvind Heimset Larsen, hjå Vestlandsforsking, seier Hovland.

Eit stort berekraftspotensiale

Tomasgard fortel vidare at Heimset Larsen hadde tru på deira hypotese og hjelpte dei å finne riktige forskarar hjå fagmiljøet systemdynamikk ved Universitetet i Bergen. Der skal professor Pål Davidsen og Daniel Gunnarsson hjelpe dei vidare.

– Prosjektet går ut på å samanlikne byggeprosjekt med og utan bruk av løysinga vår, for å vurdere potensialet i eit «typisk» prosjekt. Dette skal hjelpe oss å gjere ei nedanfrå-opp-vurdering av marknadsstorleik og ikkje minst gjere sal enklare ved å hjelpe oss å dokumentere potensialet i løysinga.

 – Ved å nytte systemdynamikk, ei tilnærming som belyser korleis komplekse system oppfører seg over tid, kan ein sjå meir på dynamikken i prosjektet og forstå kvar og kvifor problemet oppstår og korleis løysinga vår bidreg til å redusere problemet, legg Tomasgard til.

Professor Davidsen seier han ikkje kjenner til at fagfeltet er nytta til å vurdere ny teknologi tidlegare. Og Gunnarsson synest det er spanande både fordi prosjektet er fagleg utfordrande og løysinga har eit stort berekraftspotensiale.

– Gode nyheiter

Vi i Kunnskapsparken synes det er veldig gledeleg at VirtualHouse har fått innvilga stønaden til prosjektet.

– Vi jobbar mykje med å få FoU-miljø og næringsliv til å samarbeide betre og dra meir nytte av kvarandre. Forskarar treng ofte reelle problemstillingar frå næringslivet og næringslivet treng ofte datagrunnlag for å gå vidare med hypotesar og opplevde problem, forklarar Roger Ulvestad i Kunnskapsparken Vestland.

– Og dette er eit spennande prosjekt med stort potensiale, så det er vel fortent, legg han til.

140.000 kroner i stønad

Stønaden kjem frå Forregion Vestland, som er delfinansiert av Norges forskingsråd og leia av Vestland Fylkeskommune, og er på 140.000 kroner. VirtualHouse har forplikta seg til ein eigeninnsats på 60.000 kroner utført i arbeidstid. Lengda på prosjektet, som er definert som eit forprosjekt, er sett frå 4 til 12 månader.

– Vi utviklar løysinga saman med blant andre Skanska. Eit av formåla med forskinga er å danne grunnlag som hjelper Skanska og andre kundar med å bestemme kva prosjekt vi og vår løysing bør brukast i, fortel Tomasgard.