Vi ser etter fleire gode gründerar og prosjekt som ynskjer rask vekst
Kunnskapsparken driftar kontorlokalane FUS i Sogndal saman med Sogn Næring. Foto: FUS v/Falkeblikk.
Vårt inkubatorprogram stig i tilskotsmodellen til SIVA. Dette er ein anerkjenning av våre resultat og tenester.
Vi takkar for tilliten og vi skal fortsette å levere gode tenester som bidreg til å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne for våre inkubatorbedrifter. Ein slik anerkjenning viser at vårt tilbod når fram og kan byggje opp fleire nyvinningar. Eit nivå høgare i tilskotsmodellen gir oss meir midlar og betre moglegheit til å hjelpe. Difor er vi på jakt etter fleire gode gründerar og smarte prosjekt frå næringslivet som vi kan hjelpe.
Er du ein av dei vi ser etter? Ta kontakt med ein av våre forretningsutviklarar.
Om inkubatorprogrammet
Kunnskapsparken har vore ein del av SIVA sitt inkubatorprogram sidan 2006. Inkubatorprogrammet er eit verktøy for nyskapande vekstbedrifter og gründerar, der vi tilbyr profesjonell rådgjeving til gründerar, kontorfasilitetar, fagleg og sosialt miljø, tilgang til investorar og nettverk. Formålet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.
Gjennom inkubatorprogrammet til SIVA får Kunnskapsparken tilskot til å jobbe målretta med gründerar og innovasjon i lokalt næringsliv. Dette betyr at gründerar og bedrifter som blir teke med i vårt inkubatorprogram får inntil 75 prosent rabatt på våre tenester.
Vårt inkubatorprogram passar for deg som ønsker å utvikle ein nyskapande forretningsidé til levedyktig bedrift – og omfattar gründerar og bedrifter i heile fylket. Gjennom inkubatorprogrammet har vi eksempelvis hjulpe fram bedrifter som Melin Medical på Sandane, INTIN i Førde, og nLink i Sogndal.
– Vi har kunnskapen, verktøya og nettverket som gjer det litt enklare for deg å lukkast. Når Kunnskapsparken stig i tilskotspyramiden til SIVA får vi meir musklar – men då treng vi òg fleire gode prosjekt, fortel Roger Ulvestad, inkubatorleiar.
Eit løft for inkubasjonsprogrammet
Ei nasjonal evaluering av Sivas sine operatørar innan næringshage- og inkubasjonsprogrammet har resultert i nye og meir effektive tilskotsmodellar. I tillegg aukar programtilskota med til saman 15 prosent. Totalt vil Siva dei kommande åra utbetale om lag 164 millionar kroner årleg i tilskot, fordelt på 35 inkubatorar og 40 næringshagar.
– Etter innføringa av meir målretta tilskotsmodeller i 2016, har vi opplevd rekordresultat innan både inkubasjons- og næringshageprogrammet, seier Kjerstin Spjøtvoll, direktør innovasjon i Siva på eigne nettsider.